Slaget ved Sainte-Foy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 46°47′59″N 71°13′15″W

Slaget ved Sainte-Foy
Del av den franske og indianske krigen

Slaget ved Sainte-Foy av George B. Campion, vassfargar.
Dato 28. april 1760
Stad Quebec i Canada i Ny-Frankrike (dagens Canada)
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Storbritannia
Kommandantar
François Gaston de Lévis James Murray
Styrkar
2600 regulære,
2400 militssoldatar[1]
3800 regulære
27 kanonar
Tap
193 drepne
640 skadde[2]
259 drepne
829 skadde[2]
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Sainte-Foy, stundom kalla Slaget ved Quebec, vart utkjempa 28. april 1760 nær den britisk-haldne byen Quebec i den franske provinsen Canada under sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika). Det vart ein siger for franskmennene under Chevalier de Lévis over den britiske armeen under General Murray. Slaget var langt blodigare enn Slaget ved Abrahamslettene september året før med tap på 833 mann for franskmennene og 1124 for britane. Det var den siste franske sigeren i den franske og indianske krigen.

Britane hadde noko suksess i starten, men framrykkinga kamuflerte artilleriet deira, medan infanteriet deira sette seg fast i gjørma og snøfonner som smelta no seint på våren. Slaget vart til ein to timar lang nærkamp der franskmennene til slutt klarte å få overtaket etter kvart som fleire franskmenn kom til og tok den britiske flanken. Murray forstod at han hadde gjort feil og trekte britane tilbake til Quebec utan kanonane, som Lévis så vendte mot byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chartrand, Appendix D, s. 230.
  2. 2,0 2,1 The Fall of New France s.73