Slaget ved Lake George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Lake George
Del av den franske og indianske krigen
Johnson saving Dieskau.jpg
Benjamin West si skildring av William Johnson som sparar livet til Baron Dieskau etter slaget
Dato 8. september 1755
Stad Sørenden av Lake George i New York
Resultat Taktisk uavjgort
Britisk-irokesisk strategisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Somme Mohawk-krigarar[1]
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
William Johnson
Hendrick Theyanoguin 
Ephraim Williams 
Phineas Lyman
Jean Erdman, Baron Dieskau #
Styrkar
1500 militssoldatar
200 irokesarar
1500 regulære, milits og innfødde
Tap
331 totalt? omstridd 339 totalt? omstridd

Slaget ved Lake George vart utkjempa den 8. september 1755 nord i Provinsen New York. Slaget var ein del av forsøket til Storbritannia på å drive ut franskmennene frå Nord-Amerika i den franske og indianske krigen.

På den eine sida stod 1500 franske og indianske soldatar kommandert av Baron de Dieskau og på den andre sida 1500 kolonisoldatar under William Johnson og 200 Mohawkindianarar leia av ein kjend krigshøvding, Hendrick Theyanoguin.

Felttog[endre | endre wikiteksten]

William Johnson, som nyleg hadde vorte utpeikt som britisk agent til irokesarane, nådde sørenden av Lac Saint Sacrement den 28. august 1755 og gav innsjøen namnet Lake George til ære for kongen Georg II. Planen hans var å rykke fram via Lake George og Lake Champlain for å gå til åtak på det franske Fort St. Frédéric ved Crown Point, som var særs viktig for forsvaret av Canada[2].

Dieskau ønskte å stoppe framrykkinga til Johson og hadde alt forlete Crown Point og slått leir ved Carillon, som låg mellom dei to innsjøane. Den 4. september valte Dieskau å gå til åtak på leiren til Johnson, det nybygde Fort Edward (på den tida kalla Fort Lyman) ved Hudson River[3]. Målet hans var å øydeleggje båtane, forsyningane og artilleriet som Johnson trengde for felttoget sitt.[4]. Han forlet halve styrken sin ved Carillon, og førte resten langs ei alternativ rute til Hudson, og sette mennene sine i land ved South Bay og marsjerte vidare langs Wood Creek [5]. Med 222 franske regulære grenaderar frå Régiment de La Reine og the Régiment Languedoc, 600 kanadiske militssoldatar og 700 Abenaki og Caughnawaga Mohawkar nærma Dieskau seg Fort Edward kvelden 7. september 1755[6].

Johnson, hadde slått leir 21 km lenger nord ved Fort Edward ved Lake George, og speidarane hans gav han melding om fiendtlege styrkar sør for han. Han sendte då eit bod for å åtvare dei 500 mennene hans i garnisonen i Fort Edward. Bodet vart derimot avskore og like etter vart eit enkelt forsyningstog fanga, slik at styrkane til Johnson fekk vite alt om fordelinga til Johnson. Indianarane til franskmennene heldt eit råd og bestemte seg for at dei ikkje ville delta i storminga av fortet, fordi dei meinte det ville vere kanonar der. Så om morgonen gav Dieskau ordre om å marsjere til innsjøen.[7].

Kl. 9 om morgonen den 8. september sendte Johnson oberst Ephraim Williams med 1000 soldatar frå Williams sitt Massachusetts Regiment og oberst Nathan Whiting sitt Connecticut Regiment og 200 mohawksoldatar for å forsterke Fort Edward. Ein desertør frå Williams åtvara franskmennene om at dei var på veg, og Dieskau blokkerte vegen med dei grenaderane sine og sendte dei kanadiske og indianske soldatane for å ta amerikanarane i bakhald frå begge sider av vegen.[8]. Dei låg på vent i ei kløft 5 km sør for dagens landsby Lake George [9].

«The Bloody Morning Scout»[endre | endre wikiteksten]

Soldatane til Williams marsjerte rett inn i fella og vart skoten på av muskettane til fienden. I det som vart kalla «The Bloody Morning Scout» vart både Williams og Hendrick drepen i lag med mange av soldatane sine. Dieskau førte så dei franske soldatane starta så å skyte på fienden.[10]. Dei fleste av ny-englendarane flykta mot leiren til Johnson, medan rundt 100 soldatar under Whiting og oberstløytnant Seth Pomeroy og dei fleste overlevande mohawksoldatane kjempa seg attende[11]. Den amerikanske baktroppen klarte å påføre store tap på franskmennene som følgde etter dei. Pomeroy noterte at mennene hans «drap mange av dei; dei såg ut til å falle som duer»[12]. Ein av dei som vart drepen i denne fasen av slaget var Jacques Legardeur de Saint-Pierre, ein høgt respektert kommandant for styrkane dei kanadiske og indianske styrkane til Dieskau. Då han fall førte tok dette motet frå mange av soldatane hans, særleg dei franske indianarane.

Åtaket på leiren til Johnson[endre | endre wikiteksten]

Dieskau gav ordre til dei kanadiske og indianske soldatane om å følgje opp med eit åtak på leiren til Johnson. Tapet av leiaren deira hadde derimot øydelagd moralen deira og caughnawagane ønskte ikkje å angripe ein forskansa leir, der mellom anna fleire hundre mohawkarar var ein del av forsvaret. Abenakiane ville ikkje rykke fram utan caughnawagane og det ville ikkje kandiarane heller[11]. Dieskau håpte å bringe skam over indianarane og førte dei 222 franske grenaderane sine, seks i breidda, personleg langs Lake Road for å ta leiren til Johnson. Johnson hadde her barrikadert leiren med vogner, båtar og nedhogde tre.[12]. Då grenaderane var ute i opent lende, sendte amerikanarane tre kanonskot med kardeskar mot franskmennene og råka dei kraftig.[13] Då Johnson vart skadd og måtte trekkje seg attende til teltet sitt for behandling, tok general Phineas Lyman over kommandoen. Då Dieskau vart alvorleg skadd, trekte franskmennene seg tilbake.

Bloody Pond[endre | endre wikiteksten]

Samstundes såg oberst Joseph Blanchard, kommandøren på Fort Edward, røyk frå slaget sende 120 mann av stad for å undersøke. Dei kom på den franske baktroppen bakfrå og jaga dei bort. Dei såg så 300 franskmenn mellom trea og opna eld mot dei. Skytinga pågjekk fram til mørket senka seg, før amerikanarane trekte seg attende til leiren. Franskmennene tapte stort.[14]. Lika etter dei franske soldatane vart kasta i eit tjern, som seinare vart kalla Bloody Pond.[15].

Etter at franskmennene trekte seg attende, fann amerikanarane rundt 20 alvorleg skadde franskmenn, mellom dei Baron Dieskau, som hadde vorte skoten i urinblæra.[16].

Tap[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kor store tapa var, sidan det er mange forteljingar frå slaget, men dei fleste held seg til tal omkring 200-350 på kvar side.[17] says: "Peter Palmer states in his history[18][19][20]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om slaget i seg sjølv ikkje vart avgjort vart ekspedisjonen til Johnson etter kvart stoppa ved Fort St. Frédéric, så det strategiske resultatet ved Lake George var viktig. Johnson klarte å rykke eit godt stykke nedover innsjøen og bygde Fort William Henry. Historikaren Fred Anderson skriv at om Dieskau hadde klart å stoppe Johnson ved Fort Edward, så ville det ikkje berre ha enda trugselen mot Fort St. Frédéric, men soldatane frå New York og New England måtte då ha trekte seg heilt tilbake til Albany.[21].

Dødsfallet til Ephraim Williams vart nemnd i tidlege versjonar av den satiriske songen «Yankee Doodle».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Crucible of War
  2. Anderson, Fred, Crucible of War: The Seven Years War og the Fate of Empire in British North America, 1754-1766, Faber og Faber Limited, London, 2000, ISBN 0-571-20565-8, s. 118
  3. Parkman, Francis, Montcalm og Wolfe (The French og English in North America, Part Seventh), Vol. I, Little, Brown og Company, Boston, 1942, s. 309
  4. Anderson, Crucible of War, s. 117
  5. Bancroft, George, History of the United States, from the Discovery of the American Continent, Vol. IV, Little, Brown og Company, Boston, 1856, s. 209
  6. Anderson, Crucible of War, s. 115
  7. Parkman, Montcalm og Wolfe, s. 310
  8. Anderson, Crucible of War, s. 118-119
  9. Bancroft, History of the United States, Vol. IV, s. 210
  10. Gallay, Alan (ed), Colonial Wars of North America, 1512-1763: An Encyclopedia, Garland Publishing, Inc., New York og London, 1996, ISBN 0-8240-7208-1, s. 363
  11. 11,0 11,1 Anderson, Crucible of War, s. 119
  12. 12,0 12,1 Gallay, Colonial Wars of North America, 1512-1763: An Encyclopedia, s. 363
  13. Anderson, Crucible of War, p. 121
  14. Potter, C.E., The History of Manchester, Formerly Derryfield, In New Hampshire; Including that of Ancient Amoskeag, Or the Middle Merrimack Valley, Manchester (New Hampshire), C. E. Potter, Publisher, 1856. Published online at ‘History of Manchester, Hillsborough County, ALHN-New Hampshire, Created desember 14, 2000, Copyright 2000, Chapter 15’, at: http://www.usgennet.org/usa/nh/county/hillsborough/manchester/book/chap15.html
  15. Reid, W. Max, The Story of Old Fort Johnson, G.P. Putnam's Sons, New York og London, The Knickerbocker Press, 1906.
  16. Anderson, Crucible of War, pp. 120-121
  17. Millard, James P., The Slaget ved Lake George: september 8, 1755, The Lake Champlain og Lake George Historical Site, America’s Historic Lakes, 2004, published online at: http://www.historiclakes.org/wm_henry/lg_battle.html
  18. Palmer, Peter S., History of Lake Champlain, from its first exploration by the French in 1609 to the close of the year 1814, Frank F. Lovell og Company, New York, 1886, s. 61
  19. Reid, The Story of Old Fort Johnson, Chapter III: Sir William Johnson at the Slaget ved Lake George
  20. Steele, Ian K., Betrayals: Fort William Henry & the "Massacre", Oxford University Press, Inc., New York, 1990, ISBN 0-19-505893-3, p. 53
  21. Anderson, Crucible of War, pp. 117-118