Kōji Murofushi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Koji Murofushi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kōji Murofushi
Koji Murofushi Daegu 2011.jpg
Fødd 8. oktober 1974
Numazu
Kōji Murofushi på Commons

Koji Alexander Murofushi (fødd 8. november 1974) er ein japansk sleggekastar frå Numazu i Shizuoka-prefekturet. I 2004 vann han sleggekast-tevlinga under dei olympiske leikane i Athen framfor kviterussaren Ivan Tsikhan. Etter tevlinga var det ungararen Adrián Annus som stod øvst på sigerspallen, men han vart seinare dopingdømd og måtte levere gullmedaljen til Murofushi. Murofushi vart verdsmeister 2011 i sleggekast, tidlegare (1998 og 2002) vann hann Asia-leikane.

Murofushi er 187 cm høg og veg 89 kg. Den personlege rekorden hans i sleggekast frå 2003 er 84,86 meter, noko som gjer at han er på femteplass verdsstatistikken i sleggekast. Han er son til Shigenobu Murofushi, som var ein sleggekastar på høgt internasjonalt nivå på 1960-/70-talet.

Medaljar og plasseringar i meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Rekordutvikling[endre | endre wikiteksten]

Årstal Lengste kast
1991 61,76
1992 66,30
1993 68,00
1994 69,54
1995 72,32
1996 73,82
1997 75,72
1998 78,57
1999 79,17
2000 81,08
2001 83,47
2002 83,33
2003 84,86
2004 83,15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]