Adrián Annus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adrián Annus
Fødd 28. juni 1973
Szeged
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar

Adrián Annus (fødd 28. juni 1973) er ein ungarsk, tidlegare sleggjekastar, fødd i Szeged. Han vart europameister i sleggjekast i 2002. To år seinare gjekk han til topps i OL-finalen i øvinga, men vart få dagar seinare frådømt gullmedaljen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Annus vann gullmedaljen under EM i friidrett 2002 med eit lengste kast på 81,17 m framom Vladislav Piskunov frå Ukraina som nådde 80,39 m. Året etter erobra Annus sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Paris. Med eit kast på 80,36 m var han langt bak verdsmeisteren Ivan Tsikhan frå Kviterussland, som kasta 83,05 m.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Annus vart tildelt gullmedaljen i sleggjekast under Sommar-OL 2004 i Athen, men grunna mistankar om juks med urinprøvene vart han kalla inn til nye prøver. Han nekta å ta ein ny test, og vart då frådømt gullmedaljen. Medaljen nekta han å gje frå seg, fyrst etter Ungarn vart truga med sanksjonar leverte han frå seg medaljen.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Han vart kåra til «Årets idrettsmann i Ungarn» i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. news.bbc: «Hungarians ban doping pair»