Kongeriket England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kingdom of England
Kongeriket England
Politisk union
900-talet1707 Union flag 1606 (Kings Colors).svg
Flagg Våpen
Englands flagg Våpen
Plasseringa til England
Kongeriket England i 1700
Hovudstad Winchester
(fram til 1100-talet)
London
(1100-talet til 1707)
 ∟ Westminster
    (administrativ)
 ∟ City of London
    (kommersiell)
Språk Engelsk[nb 1]
Anglonormannisk (1000- til 1400-tallet)
Mellomalderlatin[nb 2] (fram til 1400-talet)
Regionale språk:
Walisisk[nb 3]
Norrøn (til 1000-tallet)
Kornisk[nb 4]
Kumbrisk (fram til 1000-talet
Religion Kristendom
Styreform Unitær parlamentarisk monarki
Monark
 - –939 Æthelstan (første)
 - 1702–1707 Anne (siste)
Lovgjevande forsamling Parlament
 - Overhus House of Lords
 - Underhus House of Commons
Historie
 - Samling 900-talet
 - Slaget ved Hastings 14. oktober 1066
 - Erobringa av Wales 1277–1283
 - Integreringa av Wales 1535–1542
 - Union of the Crowns 24. mars 1603
 - Union med Skottland 1. mai 1707
Areal
 - 1283–1542 est. 145 000 km²
 - 1542–1707 est. 151 000 km²
Innbyggjarar
 - 1283 est. 500 000 
     Folketettleik 3,4 /km² 
 - 1542 est. 3 000 000 
     Folketettleik 20,7 /km²
 - 1707 est. 5 750 000 
     Folketettleik 38,1 /km²
Valuta Pound sterling
Føregjengar
Etterfølgjarar
Wyvern of Wessex.svg Wessex
Blank.png Kongeriket Sussex
Blank.png Kongeriket Essex
Blank.png Kongeriket Kent
Blank.png Dumnonia
Blank.png Mercia
Blank.png Kongeriket East Anglia
Blank.png Kongeriket Northumbria
Blank.png De walisiske marker
Arms of Llywelyn.svg Fyrstedømet Wales
Kongeriket Storbritannia Union flag 1606 (Kings Colors).svg
I dag ein del av Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Kongeriket England var ein suveren statøya Storbritannia frå 900-talet, då staten voks ut av fleire ulike angelsaksiske kongedøme, fram til 1707, då det gjekk i union med Kongeriket Skottland og blei til Kongeriket Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1000-talet blei de angelsaksiske kongedøma som var blitt samla av Æthelstan (regjerte 927–939), del av Knut den store sitt nordsjørike, ein personalunion mellom England, Danmark og Noreg. Normannarane erobra England i 1066 og blei den nye herskarklassen. Den engelske hovudstaden og kongelege residensen blei flytta frå angelsaksiske Winchester, til Westminster, og snart etablerte City of London seg som Englands største og fremste kommersielle sentrum.[1]

Historie til Kongeriket Englands frå den normanniske erobringa i 1066 blir som regel delt inn i forskjellige periodar identifisert av ei rekkje dynasti som følgde kvarandre: Normannartida (1066–1154), Plantagenettida (1154–1485), Tudortida (1485–1603) og Stuarttida (1603–1714; avbrote av interregnum i 1649–1660). Dynastisk sett hevdar alle engelske monarkar etter 1066 avstamning frå normannarane; Plantagenet-distinksjonen er berre konvensjonell, og byrja med Henrik II (regjerte 1154–1189) då angevinkongane frå denne tida blei «meir engelske i natur». Husa Lancaster og York som utkjempa Rosekrigane er begge kadettgreiner av Huset Plantagenet. Tudordynastiet hevda avstamming frå Edvard III gjennom John Beaufort, og Jakob VI og I av Huset Stuart hevda avstamming frå Henrik VII gjennom Margaret Tudor.

Fullbyrdinga av erobringa av Wales under Edvard I i 1284 førte Wales under den engelske krones kontroll. Edvard III (regjerte 1327–1377) transformerte Kongeriket England til ei av dei mest formidable militærmaktene i Europa. Hans regjeringstid såg også fleire viktige utviklingar i lovgjeving og regjering — særleg utviklinga av Det engelske parlamentet. Frå 1340-talet gjorde også kongane av England kravden franske krona, men etter at Hundreårskrigen og Rosekrigane braut ut i 1455 var ikkje engelskmennene lenger i stand til å følgja opp dette kravet, og mista alle landområda sine på det europeiske fastlandet, bortsett frå Calais. Etter Rosekrigane regjerte Tudordynastiet under Den engelske renessansen, og makta igjen å utvida den engelske monarkiske makta til å regjere også utanfor sjølve England. Einfullstendig union mellom England og Fyrstedømet Wales blei oppnådd i 1542. Henrik VIII stod for den engelske reformasjonen, og dottera Elizabeth I (regjerite 1558–1603) skipa eit religionsoppgjer, samtidig som ho etablerte England som stormakt og la grunnlaget til Det britiske imperiet ved å gjera krav på besittelsar i Den nye verda.

Frå Jakob I kom til makta i 1603 regjerte Stuartdynastiet England i personalunion med Skottland og Irland. Under Stuarttida blei kongeriket kasta ut i borgerkrig, som kulminerte i avrettinga av Karl I i 1649. Monarkiet blei gjenetablert i 1660, men borgarkrigen skapte ein presedens om at den engelske monarken ikke kunne regjera uten samtykke frå parlamentet, sjølv om dette konseptet først blei rettsleg etablert som del av Den ærerike revolusjonen i 1688. Frå dette tidspunktet blei Kongeriket England, og etterfølgerstaten Storbritannia, eit konstitusjonelt monarki. Den 1. mai 1707 sameinte kongerikene England og Skottland seg for å oppretta Kongeriket Storbritannia gjennom Acts of Union i 1707.[2][3]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Gammalengelsk (–1066), mellomengelsk (1066–1550), moderne engelsk (1550–1707)
  2. Brukt til administrative og liturgiske føremål.
  3. Gammalwalisisk (fram til 1100-talet), mellomwalisisk (1100- til 1300-talet), walisisk (1300-talet til 1707)
  4. Gammalkornisk (fram til 1100-tallet), mellomkornisk (1100- til 1600-talet), seinkornisk (1500-talet til 1707)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. London, 800-1216: The Shaping of a City, «...rivalry between City and government, between a commercial capital in the City and the political capital of quite a different empire in Westminster.», henta november 2013.
  2. Acts of Union 1707 parliament.uk, besøkt 27. januar 2011
  3. Making the Act of Union 1707 scottish.parliament.uk, besøkt 27. januar 2011 Arkivert mai 11, 2011 på Wayback Machine.
Spire Denne Historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.