Kronealvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronealvar
Purpurkronealv, Heliothryx barroti, hofugl, foto frå Panama Foto: Dominic Sherony
Purpurkronealv, Heliothryx barroti, hofugl, foto frå Panama
Foto: Dominic Sherony
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Polytminae
Slekt: Kronealvar Heliothryx
Boie, 1831
Artar
purpurkronealv
grønkronealv

Kronealvar er ei biologisk slekt Heliothryx av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde i våt låglandskog i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Begge artar lever både i Ecuador og Colombia, separet av Andesfjella. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».

Namnet Heliothryx er frå gresk: hēlios «sol» samansett med trikhos «hår».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kronealvar er to kolibriartar med rein kvitfarga underside, svart ansiktmaske og elles grønglitrande overside. Snøkvite halefjører blinkar når dei vert spreidde ut. Begge artar er rundt 9-10 centimeter i kroppslengd.[2] Kronealvar har lenge vore kjente for åtferda med å stikke hol gjennom blomar utan å medverke til pollinering, kalla nektartjuveri.[3][1][4]

Dette er fuglar som lever i lågland, grønkronealv er mest vanleg under 400 moh.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Kronealvar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

  • Purpurkronealv, Heliothryx barroti, Purple-crowned fairy, (Bourcier, 1843), (LC)
Lever frå Guatemala langs karibiakysten til Costa Rica og Panama, over til stillehavskysten og langs vestsida av Andes i Colombia og Ecuador.[8]
  • Grønkronealv, Heliothryx auritus, Black-eared fairy, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Lever i Amazonas gjennom ni land. I tillegg finst ein isolert populasjon søraustre Brasil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Schuchmann, K.L., G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). Black-eared Fairy (Heliothryx auritus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bkefai1.01
  2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 290, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  3. Ornelas, Juan Francisco (1994). «Serrate tomia: an adaptation for nectar robbing in hummingbirds?». The Auk (JSTOR) 111: 703––710. 
  4. Verdens dyr, Fugler II, Kolibrier. Cappelen. 1987. s. 106-110. ISBN 8202091047. 
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  8. Arizmendi, M. d. C., C. I. Rodríguez-Flores, C. A. Soberanes-González, and T. S. Schulenberg (2020). Purple-crowned Fairy (Heliothryx barroti), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.pucfai1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kronealvar