Krutbrennar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krutbrennar

Status i verda: LC Livskraftig

Orchis ustulata wiki mg-k02.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Neotinea
Art: N. ustulata
Vitskapleg namn
Neotinea ustulata
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Utbreiing: Eurasia

Krutbrennar (Neotinea ustulata) er ei plante i krutbrennarslekta Neotinea i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Krutbrennar var tidlegare rekna til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis ustulata,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Neotinea.[3][4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Sverige finst krutbrennar først og fremst på Öland og Gotland, der han er ganske vanleg, og arten har òg nokre funnstader på fastlandet. Arten er rekna som livskraftig (LC).[5] (Svensk namn: «krutbrännare«.)

I Danmark har krutbrennar vore kjend frå ein funnstad nord på Jylland. Arten er rekna som kritisk truga (CR), og er kanskje utgått.[6] (Dansk namn: «bakkegøgeurt».)

Krutbrennar (engelsk namn: «burnt orchid») veks spreidd i England og Wales, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[7] I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN).[8] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[9] og kritisk truga (CR) i Wales.[10]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar krutbrennar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 723. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre krutbrennar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artfakta: Neotinea ustulata krutbrännare». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Naturbasen: Bakkegøgeurt Neotinea ustulata». Naturbasen. Henta 28. februar 2022. 
  7. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  8. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]