Kryolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kryolitt
816- Ivigtut - cryolite.jpg
Kryolitt frå Ivigtut på Grønland.
Generelt
KategoriHalidmineral
Kjemisk formelNa3AlF6
Strunz-klassifisering03.CB.15
Dana-klassifisering11.6.1.1
KrystallsymmetriMonoklin 2/m
Einingscellea = 7.7564(3) Å, b = 5.5959(2) Å, c = 5.4024(2) Å; β = 90.18°; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt209.9 g mol-1
Fargefargelaus til kvit, òg brunaktig, raudaktig og sjeldan svart
KrystallformVanlegvis massiv, grovt korna.
KrystallsystemMonoklin 2/m
TvillingSærs vanleg, ofte repetert eller polysyntetisk med samtidige tilfelle av fleire tvillinglover
KløyvIngen observert
BrotUjamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2.5 til 3
Glansglasaktig til feittete, perleaktig på {001}
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.95 til 3.0.
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.3385–1.339, nβ = 1.3389–1.339, nγ = 1.3396–1.34
Dobbeltbrytingδ = 0.001
2V-vinkel43°
Dispersjon (spreiing)r < v
Smeltepunkt1012 °C
OppløyselegheitLett oppløyseleg i AlCl3-løysing, oppløyseleg i H2SO4 med utviklinga av HF, som er giftig. Uoppløyseleg i vatn.[1]
Andre eigenskaparSvak termoluminescens. Små klåre fragment vert nesten usynlege i vatn, sidan brytingsindeksen deira er nær vatnet sin. Kan fluorescere intenst gul under kortbølgja UV-stråling med gul fosforescens, og bleik gul fosforescens under langbølgja UV. Ikkje radioaktiv.
Kjelder[2][3][4][5][6]

Kryolitt er eit fargelaust til kvitt mineral med liten hardleik. Det krystalliserer monoklint og består av natrium, aluminium og fluor, Na3AlF6. Den einaste større førekomsten er ved Ivittuut (Ivigtut) i Kitaa på Vest-Grønland, der kryolitt, sideritt og fleire andre mineral finst i ei slags pegmatitt. Drifta ved Ivittuut vart innstilt 1962.

Det viktigaste bruksområdet til mineralet er som flussmiddel for å senke smeltetemperaturen ved aluminiumproduksjonen, men til dette føremålet blir det no nytta kryolitt som er framstelt kunstig av fluoritt. Kryolitt nyttast òg som katalysator i elektrolyse under produksjon av aluminium.

Kryolittgruva ved IvigtutGrønland, sommaren 1940

Kryolitt vart først skildra i 1799 frå ein førekomst i Ivigtut og nær Arsukfjorden på Grønland. Mineralet er påvist frå Gjerdingen-ekeritten i Nordmarka ved Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CRC Handbook of Chemistry and Physics, 83rd Ed., p. 4-84.
  2. Gaines, Richard V., et al (1997) Dana’s New Mineralogi, Wiley, 8th, ISBN 978-0-471-19310-4
  3. Cryolite: Cryolite mineral information and data. Mindat.org (2010-10-03). Retrieved on 2010-10-25.
  4. Cryolite Mineral Data. Webmineral.com. Retrieved on 2010-10-25.
  5. Cryolite, Handbook of Mineralogi. Retrieved on 2010-10-25.
  6. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York ISBN 0-471-80580-7