Kurt Hamrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Hamrin
Fødd 19. november 1934
Fødestad Stockholm
Død 4. februar 2024
Dødsstad Firenze

Kurt Roland Hamrin (fødd 19. november 1934), kjend som Kurre Hamrin, er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Stockholm. Han var i årevis Sveriges beste høgreveng og spelte i VM-finalen 1958. Perioden 1956-71 var han aktiv i fem italienske klubblag der han hadde suksess med ACF Fiorentina og AC Milan, med siger i europacupfinalen 1969 som høgdepunktet.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hamrin var AIK-spelar fram til 1956. Sommaren 1956 reiste han til Italia og spelte dei to neste sesongane på først Juventus og så Padova. I 1958 vart han overført til Fiorentina, eit lag han spelte på i ni år. Med laget frå Firenze vann han i 1961 både den nasjonale cupmeisterskapen og cupvinnarcupen. Også i 1966 vann Fiorentina og Hamrin den italienske cupen. Etter overgangen til Milan i 1967 vart han seriemeister i 1968 og skåra våren begge måla då Milan vann finalen i cupvinnarcupen med 2-0 over Hamburger SV. Den 28. mai 1969 avslutta han tida i Milan med siger 4-1 over AFC Ajax i finalen i europacupen i fotball. Til sist spelte han 1969-71 på SSC Napoli.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hamrin jublar for mål i VM-semifinalen 1958

Hamrin spelte 20 landskampar for Sverige før han reiste til Italia i 1956. Der etter kom han tilbake på landslaget i VM i fotball 1958 i heimlandet. Her var han ein sentral spelar då Sverige tok seg til VM-finalen mot Brasil. I semifinalen på Nya Ullevi i Göteborg skåra han eit kunstmål då han på eigenhand tok seg gjennom det vesttyske forsvaret og frå dødlinja skrudde ballen i nettet. VM-finalen enda elles med svensk tap 2-5. Sidan spelte Hamrin sju landskampar i tida 1962-65 og enda opp med 32 kampar og 16 mål i landslagsdrakta.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Finaletap i verdsmeisterskap: 1958 med Sverige
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1961 med ACF Fiorentina og 1968 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister: 1961 og 1966 med ACF Fiorentina
  • Italiensk seriemeister: 1968 med AC Milan
  • Vinnar av europacupen: 1969 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]