Storofsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Storofsen (òg kalla Skriusommaren) er namnet på ein flaum som råka hovudsakleg indre område i store delar av Noreg frå 20. til 24. juli 1789. Flaumen kom av sein snøsmelting samt eit lågtrykk som kom opp frå søraust og gav kraftig nedbør og mildvêr. Det vart rapportert om ulukker på Nordmøre, Gauldalen, Østerdalen, Romerike, Gudbrandsdalen, Valdres, Numedal og Sandsvær. Dei største skadane skjedde i Gudbrandsdalen, i Vågå og Fron. Minst 61 menneske omkom, men enkelte kjelder tyder på at talet kanskje var opp mot 80.[1] Vel 1500 gardsbruk vart skadde og samla skade vart estimert til 563 500 riksdalar.[1]

Gudbrandsdalslågen fylte heile dalbotn. Mjøsa vart nesten heilt dekt av tre og avfall, og det tok to år før innsjøen var rein att. Dei to dagane flaumen var verst, var vasstanden opptil sju meter over det normale. Innbyggjarane fekk liten hjelp av styresmaktene på grunn av dårleg informasjon om katastrofen.

Andre vassdrag som vart råka var Glomma, øvre delar av Drammenselva, Numedalslågen, Driva, Orkla og midtre delar av Gaula. Heilt sør til Otra på Sørlandet var det flaum.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1788–1789 var særs kald. Snøen kom derimot seint og dette førte til barfrost og djuptgåande tele. Denne telen hadde truleg ikkje slept taket i dei djupaste jordlaga i høgfjellet då det kraftige regnvêret kom. Barfrosten førte til høgtståande grunnvatn som metta myrar og porer i jordsmonnet med vatn. Seinare på vinteren kom det òg unormalt mykje snø og sludd.

Dette var òg mot slutten av perioden frå om lag 1400 til om lag 1800 som ofte vert kalla den vesle istida. Dette var ein periode med lange vintrar og kalde somrar, noko som førte til at breane voks kraftig. Tregrensa var òg lågare enn ho er i dag, truleg rundt 200 meter. På 1770-talet vart det varmare, men 1787 og 1788 var igjen uvanleg kalde, noko som førte til at det låg store mengder med snø i høgfjellet. Våren 1789 kom seint, og då han kom var det særs varmt og fuktig, fukta førte til lita fordamping av snøen.

Den utløysande faktoren for flaumen var eit lågtrykk som kom opp frå søraust. Lågtrykket hadde kome frå Atlanterhavet med varme luftmassar og tatt opp meir varme og fukt frå Middelhavet, før det gjekk nordvestover aust for Alpane. I seinare år har slike lågtrykksbanar vist seg å vere dei farlegaste og gjeve storflaum i Europa, som i Oder i 1997 og i Elben og Donau i august 2002. Sistnemnde gav skadar for 25 milliardar euro.[1]

Samstundes låg det eit lågtrykk over Nordland som drog med seg kald luft frå nord og det låg truleg òg eit høgtrykk over Finland, og desse to systema «låste» lågtrykket fast over Austlandet. Dei to lågtrykka støtte saman over Austlandet og den varme og fuktige lufta vart pressa til vers og gav kraftig regn. 20. juli starta det kraftige regnet, og 21. og 22. juli skal det ha vore eit kraftig regnvêr over Austlandet og Trøndelag. Regnet minka 23. juli og det klarna opp att 24. juli.

Ei tønne med ei opning på 1450 cm² og med eit volum på 132 liter skal har regna full på tre døgn på Vollan gard i Romsdal. Dette svarar til ei regnhøgde på 320 mm på tre døgn.

Utflytting etter flaumen[endre | endre wikiteksten]

Futen i Senja og Tromsø, Jens Holmboe, kontakta med ei gong Kongen i København og bad om økonomiske midlar til å hjelpe den flaumråka folkesetnaden. Då arbeidet tok tid, brukte Holmboe heile den personlege formuen sin på å hjelpe innbyggjarane med å busetje seg i Bardu og Målselv. Han søkte òg råd hos fetteren sin, Bernt Anker, som straks sendte sin mest erfarne skogsinspektør for å hjelpe Holmboe med råd.

I 1789 lukkast det å få ei stor mengde bønder frå Østerdalen og Gudbrandsdalen til å busetje seg i indre Troms. Så mange flytta at talemålet i Bardu, Målselv og Øverbygd framleis er prega av østlandsdialekt. Den samla innflyttinga til det nordlegaste stiftet i løpet av 1700-talet er estimert til 18 000-19 000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Asle Hella og Lars Andreas Roald (25. september 2008). «De største flommene i Norge». Meteorologisk Institutt/NVE. Henta 30. september 2008.