Kylie av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kylie
Studioalbum av Kylie Minogue
Språk engelsk
Utgjeve 4. juli 1988
Innspelt 1987–88
Sjanger Dansepop, tyggegummipop
Lengd 35:24
Selskap Mushroom Records
Geffen Records
Produsent Stock Aitken Waterman
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi 
- Kylie Enjoy Yourself
(1989)
Singlar frå Kylie
  1. «I Should Be So Lucky»
    Utgjeve: 29. desember 1987
  2. «Got to Be Certain»
    Utgjeve: 2. mai 1988
  3. «The Loco-Motion»
    Utgjeve: 25. juli 1988
  4. «Je Ne Sais Pas Pourquoi»
    Utgjeve: 17. oktober 1988
  5. «It's No Secret»
    Utgjeve: 15. desember 1988
  6. «Turn It into Love (Japan)»
    Utgjeve: 21. desember 1988

Kylie er debutalbumet til den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve den 4. juli 1988 av PWL. Albumet vart produsert av Stock, Aitken og Waterman, som har òg skrive ni av dei ti songane på albumet. Mest av komposisjonen er dansepop med stor teen pop og tyggegummipop-elementar. Albumet har fått blanda meldingar frå kritikarar.

Listeplasseringar og sal[endre | endre wikiteksten]

Kylie nådde nummer to på den britiske albumlista den 16. juli 1988, og låg på førsteplass i fire veker frå 21. august 1988 og i ytterlegare to veker frå 13. november 1988. Kylie vart sertifisert til platina sju gonger i Storbritannia og har selt 6,5 millionar eksemplar over heile verda. Albumet selde 1,8 millionar eksemplar i 1988 og vart det mest selde albumet det året. Kylie var det første albumet av ein kvinneleg soloartist til å selja meir enn to millionar eksemplar i Storbritannia, og er det 58. mest selde albumet gjennom tidene.

I Australia nådde albumet andreplassen for tre veker, og var på hitlistene for tjueåtte veker i alt. Albumet vart setifisert til platina seks gonger i Australia. I New Zealand er det lengste og berre albumet hennar som nådde førsteplassen. Albumet debuterte på tiandeplassen og seinare nådde førsteplassen for seks veker. Albumet blei verande på albumlista i 53 veker i alt. Albumet nådde Topp 10 i Tyskland,[1] Noreg[2] og Sveits,[3] og selde 143 627 eksemplar i Sverige.[4]

Kylie nådde femtitredjeplassen på Billboard 200 i USA.[5] I 1989 vart albumet sertfisert gull i USA og har selt over 500 000 eksemplar. Kylie har selt i alt over 5 million eksemplar i heile verda.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Loco-Motion» vart utgjeven 4. juli 1987. Han låg sju veker på førsteplass på den australske singellista, og var den mestseljande singelen i landet på 1980-talet. Han vart då gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet. «I Should Be So Lucky» vart den første singelen til albumet, utgjeven 29. desember 1987. Songen nådde førsteplassen på topplistene i Australia og Storbritannia. Den andre singelen «Got to Be Certain» nådde førsteplassen på salslista i Australia og fekk moderat suksess i resten av verda. Han nådde andreplassen i Storbritannia og blei verande på lista i tre veker. Songen nådde òg den Top 10 i Tyskland og Sveits. Minogue spelt inn på nytt songen «Locomotion» i april 1988 med nye tittelen «The Loco-Motion». Den kom ut som den tredje singelen til albumet og var den høgaste på UK Singles Chart av ein kvinneleg artist. I Nord-Amerika nådde songen førsteplassen i Canada og tredjeplassen i USA på Billboard Hot 100. «Je Ne Sais Pas Pourquoi», den fjerde singelen, nådde andreplassen i Storbritannia. «It's No Secret» vart utgjeven som singel i Australia, New Zealand, Nord-Amerika og Japan. «Turn It into Love» vart utgjeven berre i Japan som den femte singelen og nådde førsteplassen for ti veker.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne og produsert av Stock Aitken Waterman, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Should Be So Lucky» 3:24
2.«The Loco-Motion»Gerry Goffin, Carole King3:14
3.«Je Ne Sais Pas Pourquoi» 4:01
4.«It's No Secret» 3:58
5.«Got to Be Certain» 3:19
6.«Turn It into Love» 3:37
7.«I Miss You» 3:14
8.«I'll Still Be Loving You» 3:50
9.«Look My Way» 3:36
10.«Love at First Sight» 3:08

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Vekentlege toppliste[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (1988) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 2
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] 15
Tyskland (Media Control Charts)[1] 8
Japan (Oricon)[7] 30
Noreg (VG-lista)[2] 10
New Zealand (RIANZ)[8] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[4] 22
Sveits (Schweizer Hitparade)[3] 7
Storbritannia (UK Albums Chart) 1
USA (Billboard 200)[5] 53

Årsslutt toppliste[endre | endre wikiteksten]

År Land Listeplassering
1988 Australia[9] 17
Storbritannia 1
1989 Australia 95

Sertifiseringar[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering Sal
Australia (ARIA) 6× Platina[10] 420.000+
Frankrike (SNEP) Platina[11] 300.000+
Finland (IFPI Finland) Gull[12] 25.000
Tyskland (IFPI Germany) Gull[13] 250.000+
Sveits (IFPI Switzerland) Platina[14] 50.000+
Storbritannia (BPI) 6× Platina[15] 2.100.000+
USA (RIAA) Gull[16] 500.000+

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «World Chart Positions». Charts-Surfer.de. Henta 5. januar 2008. 
  2. 2,0 2,1 «Discography Kylie Minogue». NorwegianCharts.com. Henta 5. januar 2008. 
  3. 3,0 3,1 «"Discography Kylie Minogue"». SwissCharts.com. Henta 5. januar 2008. 
  4. 4,0 4,1 «Kylie Minogue - Kylie (album)». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 29. mars 2011. 
  5. 5,0 5,1 «Kylie Minogue > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Henta 1. oktober 2007. 
  6. «Discographie Kylie Minogue». AustrianCharts.at. Henta 5. januar 2008. 
  7. «カイリー・ミノーグ». Oricon.co.jp. Henta 2. august 2012. 
  8. Steffen Hung. «Kylie Minogue - Kylie». charts.org.nz. Henta 28. august 2011. 
  9. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 50 Albums 1988». Australian Recording Industry Association. Henta 28. august 2011. 
  10. «ARIA Charts – Accreditations – 2011 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 16. juli 2011. 
  11. «Les Certifications (Albums) du SNEP (Bilan par artiste)». SNEP. Henta 27. mars 2011. 
  12. «Kulta- ja platinalevyt». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 21. september 2010. 
  13. «Gold/Platin Datenbank». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 27. mars 2011. 
  14. «Search Awards». Swiss Music Charts. Henta 27. mars 2011. 
  15. «Certified Awards - Searchable Database». British Phonographic Industry. Henta 27. mars 2011. 
  16. «RIAA Certification - Gold & Platinum». Recording Industry Association of America. Henta 29. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]