Je Ne Sais Pas Pourquoi
Je Ne Sais Pas Pourquoi Singel av Kylie Minogue frå albumet Kylie | ||
B-side |
«Made in Heaven» | |
---|---|---|
Utgjeve | 17. oktober 1988 | |
Innspelt | 1988 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:01 | |
Selskap | PWL Mushroom Records Geffen Records | |
Låtskrivar(ar) | Stock Aitken Waterman | |
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Got to Be Certain» (1988) |
Je Ne Sais Pas Pourquoi | «Especially for You» (1988)
|
«Je Ne Sais Pas Pourquoi» (eg veit ikkje kvifor) er ein popsong skriven av dei britiske produsentane Stock Aitken Waterman for Kylie Minogue sitt debutalbum Kylie.
Informasjon[endre | endre wikiteksten]
Songen vart utgjeven i 1988 som den fjerde singelen frå albumet og vart ein topp-hit i Storbritannia, der han gjekk inn på nummer elleve før han klatra til nummer to og vart der i tre veker. Han fekk ei blanda mottaking frå kritikarar. I USA og Australia vart songen òg kjent som «I Still Love You (Je Ne Sais Pas Pourquoi)».
Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]
Videoen ser ut som han er innspelt i Paris på 1940-/1950-talet. Kylie ventar i regnet før ho går inn på ein kafé. Håret er sett i bølgjer, og ho er i ein blå kjole.
Sporliste[endre | endre wikiteksten]
Dette er formata og sporoppføringane på hovudutgjevingane av singelen «Je Ne Sais Pas Pourquoi».
- CD single
- "Je Ne Sais Pas Pourquoi" (Moi Non Plus Mix) – 5:55
- "Made in Heaven" (Maid in England Mix) – 6:20
- "The Loco-Motion" (Sankie Mix) – 6:55
- 7" single
- "Je Ne Sais Pas Pourquoi" – 4:01
- "Made in Heaven" – 3:24
- 12" single
- "Je Ne Sais Pas Pourquoi" (Moi Non Plus Mix) – 5:55
- "Made in Heaven" (Maid in England Mix) – 6:20
- Amerikansk 12" single
- "Je Ne Sais Pas Pourquoi" (Moi Non Plus Mix) – 5:55
- "Je Ne Sais Pas Pourquoi" (The Revolutionary Mix) – 7:16
- "Made in Heaven" (Maid in England Mix) – 6:20
Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]
Toppliste | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[1] | 11 |
Finland (Suomen virallinen lista)[2] | 1 |
Frankrike (SNEP)[3] | 15 |
Tyskland (Media Control Charts)[4] | 14 |
Irland (Irish Singles Chart) | 2 |
New Zealand (RIANZ) | 9 |
Noreg (VG-lista)[5] | 10 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[6] | 24 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[7] | 2 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Je Ne Sais Pas Pourquoi» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Discography Kylie Minogue». Australian-Charts.com. Henta 28. februar 2008.
- ↑ «Music: Singles: Je Ne Sais Pas Pourquoi». Slokylie.com. Henta 18. september 2011.
- ↑ «Discographie Kylie Minogue». LesCharts.com. Henta 28. februar 2008.
- ↑ «World Chart Positions». Charts-Surfer.de. Henta 28. februar 2008.
- ↑ «Discography Kylie Minogue». NorwegianCharts.com. Henta 28. februar 2008.
- ↑ «Discography Kylie Minogue». SwissCharts.com. Henta 28. februar 2008.
- ↑ «Music: Singles: Je Ne Sais Pas Pourquoi». Kylie.com. Henta 28. februar 2008.