Body Language

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Body Language
Studioalbum av Kylie Minogue
Språk engelsk
Utgjeve 20. november 2003
Innspelt 2003
Sjanger Dansepop,[1] synthpop
Lengd 47:51
Selskap Parlophone
Capitol Records
Produsent Baby Ash, Chris Braide, Cathy Dennis, Johnny Douglas, Electric J, Julian Gallagher, Karen Poole, Kurtis Mantronik, Richard Stannard, Sunnyroads
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi 
Fever
(2001)
Body Language X
(2007)
Singlar frå Body Language
  1. «Slow»
    Utgjeve: 3. november 2003
  2. «Red Blooded Woman»
    Utgjeve: 10. mars 2004
  3. «Chocolate»
    Utgjeve: 28. juni 2004

Body Language er det niande studioalbumet frå den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve i november 2003 av Parlophone. Etter den massive kommersielle suksessen til det åttande studioalbumet Fever (2001), samarbeidde Minogue med fleire låtskrivarar og produsentar om å lage eit nytt album, mellom anna Cathy Dennis, Dan Carey, Emiliana Torrini og Johnny Douglas. Albumet vart sertifisert to gonger til platina i Australia, der det selde 140 000 eksemplar, og vart òg sertifisert til platina i Storbritannia, der det selde over 378 000 eksemplar.

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

Body Language var det tredje albumet av Minogue for plateselskapet Parlophone, og vart innspelt sommaren 2003 i Storbritannia, Irland og Spania. Minogue arbeidde med tidlegare samarbeidspartnarar på plata. Albumet klarte ikkje å nå opp til suksessen til forgjengaren Fever, men vart likevel populært i fleire land. Albumet vart utgjeve den 14. november 2003 i Australia og tre dagar seinare i Storbritannia. I USA vart albumet utgjeve den 10. februar 2004.[1] Utgjevinga vart etterfylgd av ein spektakulær konsert med tittelen Money Can't Buy 15. november 2003 i London. Minogue framførte her sju nye songar, saman med nokre av dei eldre hitsa hennar. I juli 2004 vart konserten gjeve ut på DVD, som inneheldt ein uredigert versjon av konserten og i tillegg til framføringar av songane «Slow» og «Chocolate».

Dei australske og japanske versjonane av albumet inkluderte bonussporet «Slo Motion». Den nordamerikanske versjonen av albumet vart utgjeve i 2004 og hadde med eit forbetra spor med musikkvideoen til «Slow» og ei framføring av «Can't Get You Out of My Head» frå konserten Money Can't Buy. Han inkluderte òg to bonusspor, «Cruise Control» og «You Make Me Feel». I USA var nokre versjonar av albumet pakka med seks postkort.

Listeplasseringar og sal[endre | endre wikiteksten]

I Australia nådde Body Language andreplassen på ARIA Charts og oppheldt 18 veker i alt på hitlistene.[2] Albumet vart òg sertifisert to gonger platina med sal av 140 000 eksemplar i landet.[3] I Storbritanna nådde albumet sjetteplassen på UK Albums Chart[4] og oppheldt 30 veker i alt på hitlistene.[5] Body Language vart sertifisert platina i landet med sal av 300 000 eksemplar.[6]

Andre stadar nådde Body Language 23. plassen i Austerrike[7] og vart sertifisert gull av IFPI i dette landet med sal av 7 500 eksemplar.[8] I Belgia nådde albumet tiandeplassen på Ultratop i Flandern-regionen og oppheldt 17 veker i alt på hitlistene.[9] Albumet var det fyrste av Minogue som nådde den Topp 10 i regionen.[9] Body Language nådde åttendeplassen i Sveits og oppheldt 17 veker i alt på hitlistene.[10] Albumet vart setifisert gull av IFPI i dette landet med sal av 20 000 eksemplar.[11] I USA nådde albumet 42. plassen på Billboard 200-lista[12] og har til no selt 177 000 eksemplar.[13]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«Slow» vart utgjeven i november 2003. Songen kom på fyrsteplassen på både britiske og australske hitlista, i tillegg til i Danmark, Spania og USA på Billboard Hot Dance Club Songs-listene. Songen nådde òg ei plassering blant dei ti mest selde singlane i ei rekkje andre land.

«Secret (Take You Home)» vart utgjeven som ein salsfremjande singel berre i Taiwan tidleg i 2004. Konsertopptredenen av songen frå DVD-en Body Language Live vart brukt som salsfremjande video. Dette vart den mestseljande singelen til Minogue i Taiwan.

«Red Blooded Woman» vart utgjeven i februar 2004. Songen nådde fjerdeplassen på den australske hitlista og femteplassen på UK Singles Chart. Songen har òg nådd toppen i Spania, Danmark, Ungarn, Irland og Italia. I USA nådde songen fyrsteplassen på Billboard-lista.

«Chocolate» vart utgjeven som den tredje og siste singelen den 28. juni 2004 verda over, bortsett frå i Australia der han kom ut månaden etter. Songen debuterte som sjetteplassen på hitlistene i Storbritanna, men nådde ikkje den Topp 10 i Australia.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Produsent(ar)Lengd
1.«Slow»Kylie Minogue, Dan Carey, Emilíana TorriniSunnyroads3:15
2.«Still Standing»Ash Thomas, Alexis StrumBaby Ash3:39
3.«Secret (Take You Home)»Curtis T. Bedeau, Gerard Charles, Hugh Clarke, Reza Safinia, Lisa Greene, Paul George, Brian P. George, Lucien J. GeorgeRez, Johnny Douglas3:16
4.«Promises»Kurtis el Khaleel, David BillingKurtis Mantronik, Douglas3:17
5.«Sweet Music»Kylie Minogue, Karen Poole, Ash ThomasBaby Ash4:11
6.«Red Blooded Woman»Johnny Douglas, Karen PooleDouglas4:21
7.«Chocolate»Johnny Douglas, Karen PooleDouglas5:00
8.«Obsession»Kurtis Mantronik, David Billing, M. GreyMantronik, Douglas3:31
9.«I Feel for You»Liz Winstanley, J. Piccioni, S. AnselmettiElectric J4:19
10.«Someday»Kylie Minogue, Emilíana Torrini, Ash ThomasBaby Ash4:18
11.«Loving Days»Kylie Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher, Dave MorganStannard, Gallagher4:26
12.«After Dark»Cathy Dennis, Chris BraideDennis, Braide4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
  • Niall Alcott – lydteknikar (spor 11)
  • Baby Ash – produsent (spor 2, 5, 10), miksing (spor 2, 5, 9, 10), vokalprodusent (spor 9), bakgrunnsvokal (spor 2)
  • William Baker – visuell retning, styling
  • David Billing – bakgrunnsvokal (spor 4)
  • Chris Braide – alle instrument, bakgrunnsvokal (spor 12)
  • Dave Clews – programmering (spor 6, 7), keyboard (spor 6)
  • Cathy Dennis – produsent, alle instrument, bakgrunnsvokal (spor 12)
  • Johnny Douglas – vokalprodusent, ekstra produsent (spor 3, 4, 8), alle instrument, bakgrunnsvokal
  • Electric J – produsent (spor 9)
  • Steve Fitzmaurice – miksing (spor 3, 4, 8)
  • Dylan Gallagher – pre-produksjon (spor 12)
  • Julian Gallagher – produsent, keyboard, programmering (spor 11)
  • Miriam Grey – bakgrunnsvokal (spor 4)
  • Simon Hale – strengeinstrument

  • Damon Iddins – assistent på miksing (spor 3, 4, 8)
  • London Session Orchestra – orkester (spor 11)
  • Kurtis Mantronik – produsent (spor 4, 8)
  • Tony Maserati – miksing (spor 12)
  • Dave McCracken – programmering (spor 12)
  • Mert and Marcus – fotografi
  • Dave Morgan – gitar, keyboard (spor 11)
  • Dan Carey – miksing (spor 1)
  • Geoff Pesh – mastering
  • Karen Poole – bakgrunnsvokal (spor 6, 7)
  • Geoff Rice – assistent på lydteknikar (spor 12)
  • Richard Stannard – produsent, bakgrunnsvokal, keyboard (spor 11)
  • Alexis Strum – bakgrunnsvokal (spor 2)
  • Sunnyroads – produsentar (spor 1)
  • Danton Supple – lydteknikar (spor 12)
  • Alvin Sweeney – lydteknikar, miksing, programmering (spor 11)
  • Gavyn Wright – orkesterleiar (spor 11)

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Vekentlege toppliste[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2003–04) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[2] 2
Austerrike (IFPI Austria)[7] 23
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 10
Belgia (Ultratop 50 Vallonia)[14] 33
Danmark (IFPI Denmark)[15] 22
Nederland (MegaCharts)[16] 19
Europa (European Top 100 Albums)[17] 9
Finland (Suomen virallinen lista)[18] 32
Frankrike (SNEP)[19] 31
Tyskland (Media Control Charts)[20] 11
Irland (Irish Albums Chart)[21] 19
Japan (Oricon)[22] 43
New Zealand (RIANZ)[23] 23
Noreg (VG-lista)[24] 21
Polen (ZPAV)[25] 49
Portugal (AFP)[26] 14
Sverige (Sverigetopplistan)[27] 20
Sveits (Schweizer Hitparade)[10] 8
Storbritannia (UK Albums Chart)[4] 6
USA (Billboard 200)[12] 42

Årsslutt toppliste[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2003) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[28] 54
Australia (ARIA Dance Charts)[29] 3
Toppliste (2004) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[30] 85
Australia (ARIA Dance Charts)[31] 6

Sertifiseringar[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering Estimert sal
Australia (ARIA) 2× Platina[3] 140.000
Austerrike (IFPI Austria) Gull[8] 7.500
Sveits (IFPI Switzerland) Gull[11] 20.000
Storbritannia (BPI) Platina[6] 300.000

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Land Dato Plateselskap
Japan 10. november 2003 EMI Music Japan
Australia 14. november 2003 Festival Mushroom Records
Tyskland EMI
Frankrike 17. november 2003
Storbritannia Parlophone
USA[1] 10. februar 2004 Capitol Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 True, Chris. «Body Language - Overview». Allmusic. Henta 27. oktober 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Kylie Minogue – Body Language». Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  3. 3,0 3,1 «ARIA Charts – Accreditations – 2003 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 20. februar 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Kylie Minogue | Artist | Official Charts». UK Albums Chart. Henta 20. februar 2011. 
  5. «Body Language - Kylie Minogue». Official Charts Company. Henta 20. mars 2015. 
  6. 6,0 6,1 «Certified Awards (Enter "Kylie Minogue" in "Keywords" and select "Album" in "By format". British Phonographic Industry. Henta 21. juli 2013. 
  7. 7,0 7,1 «Kylie Minogue – Body Language». IFPI Austria. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  8. 8,0 8,1 «Gold & Platin». IFPI. 18. november 2003. Henta 7. mai 2007. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Kylie Minogue – Body Language». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  10. 10,0 10,1 «Kylie Minogue – Body Language». Swiss Charts. Hung Medien. Henta 25. oktober 2009. 
  11. 11,0 11,1 «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Kylie Minogue – Body Language)». Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 3. november 2013. 
  12. 12,0 12,1 «Body Language – Kylie Minogue». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 3. august 2013. 
  13. «Ask Billboard: Katy Perry, Kylie Minogue, Cee Lo Green». Billboard. Prometheus Global Media. 4. mars 2011. Henta 1. november 2013. 
  14. «Kylie Minogue – Body Language». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  15. «Kylie Minogue – Body Language». IFPI Denmark. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  16. «Kylie Minogue – Body Language». MegaCharts. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  17. «European Top 20 Charts - Week Commencing 1st December 2003» (PDF). Pandora Archive. 2003. Henta 2. november 2013. 
  18. «Kylie Minogue – Body Language». IFPI Finland. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  19. «Kylie Minogue – Body Language». SNEP. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  20. «Minogue, Kylie | Longplay-Chartverfolgung». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 20. februar 2011. 
  21. «Top 75 Artist Album, Week Ending 20 November 2003». Irish Recorded Music Association. Chart-Track. Henta 20. februar 2011. 
  22. «Kylie Minogue's Oricon Chart History». Oricon. Henta 18. februar 2011. 
  23. «Kylie Minogue – Body Language». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  24. «Kylie Minogue – Body Language». Verdens Gang. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  25. «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 1. desember 2001. Henta 20. februar 2011. 
  26. «Kylie Minogue – Body Language». Associação Fonográfica Portuguesa. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  27. «Kylie Minogue – Body Language». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 20. februar 2011. 
  28. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 100 Albums 2003». ARIA. Henta 2. november 2013. 
  29. «ARIA Charts - End of Year Charts - Dance Albums 2003». ARIA. Henta 2. november 2013. 
  30. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 100 Albums 2004». ARIA. Henta 2. november 2013. 
  31. «ARIA Charts - End of Year Charts - Dance Albums 2004». ARIA. Henta 2. november 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]