Ultimate Kylie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ultimate Kylie
Samlealbum av Kylie Minogue
Utgjeve 22. november 2004
1. februar 2005 (USA)
Innspelt 1987–2004
Sjanger Pop, dansepop, synthpop, electropop, disco
Lengd 51:35 (CD 1)
69:26 (CD 2)
Selskap Parlophone
Capitol Records
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi
Kylie Minogue: Artist Collection
(2004)
Ultimate Kylie Confide in Me: The Irresistible Kylie
(2007)


Ultimate Kylie er det tredje samlealbumet til australske songaren Kylie Minogue. Det består av to CD-ar, og inneheld songane frå alle studioalbuma ho hadde gjeve ut fram til det tidspunktet i tillegg til to nye spor, «I Believe in You» og «Giving You Up».

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

Ultimate Kylie er det tredje store samlealbumet Minogue gav ut, etter Greatest Hits og Hits+. Dette er det einaste av samlealbuma hennar som inneheld innspelingar frå både Stock Aitken Waterman, Deconstruction og Parlophone. Dei store hitane som manglar er «It's No Secret», «Word Is Out», «If You Were with Me Now», «Finer Feelings», «What Kind of Fool (Heard All That Before)», «Where Is the Feeling?» og «Some Kind of Bliss». Mange av singlane som vart utgjevne under Stock Aitken Waterman og Deconstruction vart ikkje inkludert på den andre CD-en for å gje rom til dei største hitsinglane hennar frå utgjevingane på Parlophone.

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Ultimate Kylie nådde nummer fire i Storbritannia og vart sertifisert platina av British Phonographic Industry, og selde over 900 000 eksemplar totalt. Albumet vart utgjeve i USA 1. februar 2005, men nådde ikkje Billboard 200. Albumet nådde nummer fem på den australske albumlista, og vart sertifisert fire gonger platina av Australian Recording Industry Association, og selde over 280 000 eksemplar i landet.[1] Ultimate Kylie vart òg ein suksess i andre land. I Belgia nådde albumet nummer fjorten i Flandern og nummer trettifem i Vallonia.[2] Albumet nådde nummer førtini i Spania og nummer trettifire femten veker seinare. Det vart sertifisert gull og selde over 50 000 eksemplar. Desse salstala og listeplasseringane gjer albumet til det mest suksessrike samlealbumet hennar.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«I Believe in You» vart utgjeve i Storbritannia 6. desember 2004, og var å høyre spelt på radiostasjonar frå 19. oktober 2004. Han nådde andreplass på hitlistene i Storbritannia. «Giving You Up» vart òg utgjeve som singel (28. mars 2005) i Storbritannia. Han nådde nummer seks på UK Singles Chart.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

CD 1
# Tittel Lengd
1. «Better the Devil You Know»   3:54
2. «The Loco-Motion»   3:14
3. «I Should Be So Lucky»   3:24
4. «Step Back in Time»   3:05
5. «Shocked»   3:09
6. «What Do I Have to Do?»   3:33
7. «Wouldn't Change a Thing»   3:17
8. «Hand on Your Heart»   3:54
9. «Especially for You» (feat. Jason Donovan) 3:58
10. «Got to Be Certain»   3:19
11. «Je Ne Sais Pas Pourquoi»   4:01
12. «Give Me Just a Little More Time»   3:08
13. «Never Too Late»   3:21
14. «Tears on My Pillow»   2:33
15. «Celebration»   4:01
CD 2
# Tittel Lengd
1. «I Believe in You»   3:21
2. «Can't Get You Out of My Head»   3:51
3. «Love at First Sight»   3:57
4. «Slow»   3:15
5. «On a Night Like This»   3:33
6. «Spinning Around»   3:28
7. «Kids» (feat. Robbie Williams) 4:20
8. «Confide in Me»   4:26
9. «In Your Eyes»   3:18
10. «Please Stay»   4:08
11. «Red Blooded Woman»   4:20
12. «Giving You Up»   3:31
13. «Chocolate»   4:02
14. «Come into My World»   4:08
15. «Put Yourself in My Place»   4:12
16. «Did It Again»   4:22
17. «Breathe»   3:38
18. «Where the Wild Roses Grow» (feat. Nick Cave) 3:57

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2004) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 14
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 35
Danmark (Tracklisten) 17
Finland (Suomen virallinen lista) 24
Hellas (IFPI Greece) 9
Irland (Irish Albums Chart) 8
Japan (Oricon) 39
Nederland (Dutch Top 40) 37
New Zealand (RIANZ) 33
Noreg (VG-lista) 18
Spania (PROMUSICAE) 27
Sveits (Schweizer Hitparade) 19
Sverige (Sverigetopplistan) 23
Storbritannia (UK Albums Chart) 4

Sertifisering og sal[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering Sal
Australia (ARIA)[3] 4× Platina 280.000
Storbritannia (BPI) 2× Platina 600.000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ARIA Charts - Accreditations - 2004 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 12. januar 2012. 
  2. «Ultratop Belgian Charts». ultratop.be. Henta 17. august 2011. 
  3. «Australian sales certificate for Kylie Showgirl». Australian Recording Industry Association. Henta 9. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]