Låa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Låa eller Delebekken er ein springar som er kjend i Hallingdal, Valdres og Sogn. Slåtten er spela på Nedstilt bass, og er svært lik i alle distrikta. Nokre tak har stundom vore nytta i former av Lauskarlåtten, i sær i Sogn.

Namnet Låa skal vera etter ei kokke på plassen i Nes. «Låa var en gammel, låghalt legdekjerring. I lag pleide hun at danse en bekjendt springar, som endnu den dag i dag kaldes Låa. ‘Leik Låa’ pleide hun at sige» (Etter Wilhelm Sorteberg). Slåtten er og kjend under namnet Raudalsdansen. Raudal er ein kjend dansestad mellom Hallingdal og Valdres.

Stevet til Låa går slik:

Kjem du ruggan' med di hit tå låva
Å set de' ne' me' du spela Låa.

Namnet Delebekken er kjend i Valdres. Delebekken var namnet på ein kar som har fått namnet sitt knytt til slåtten. Stevet her går slik:

Eg skal ta deg så de muna
sa Delebekken då han juna.

Dette stevet er rekna som svært grovt.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har variantnr 435 i Hardingfeleverket. To variantar frå Valdres er skrive opp som nr 532 i etterraksten, og slåtten har fem variantar i alt. Slåttenamnet Låa er knytt til Nes. Lenger opp i dalen hadde ikkje springaren namn før. Slåtten har eit alderdommeleg preg, og blåtonepreget er ofte utnytta.

Supplementsformer: