Skotsk
- For det keltiske språket, sjå skotsk-gælisk.
Skotsk (Scots/Lallans) | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Vestgermansk Skotsk | |
Bruk | ||
Tala i: | ![]() ![]() | |
Skotsktalande i alt: | Mellom 200 000[1] og 1,5 millioner[2] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | sco | |
ISO 639-3: | sco | |
Wikipedia på skotsk |
Skotsk (Scots) eller låglandsskotsk (Lallans) er eit språk som blir tala i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster, dei fleste av dei i Nord-Irland men òg i grenseområda i Republikken Irland. Språket blir kalla «låglandsskotsk» for å skilje det frå skotsk gælisk som blir tala i høglandet, men det blir også kalla berre «skotsk» og for ulsterskotsk i Irland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt.
Skotsk stammar frå den northumbriske forma for mellomengelsk, som inngår i samlenamnet angliske språk. Det er sterkt påverka av gælisk, men også av nederlandsk og lågsaksisk gjennom handel og innvandring frå nederlanda. Dialektkontakt mellom skotsk og engelsk førte også til dei noverande skotske dialektane av engelsk (også kjent som skotsk-engelsk) som blir akseptert som godt språk i Skottland i dag.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ethnologue-tal frå 1999
- ↑ [1] GRO 1996