Labråten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°51′9.4428″N 10°27′26.165″E

Labråten, som var heimen åt Hulda og Arne Garborg i mange år.

Labråten er ein plass og eit hus i Hvalstaddalen («Kunstnardalen») på Hvalstad i Asker kommune i Akershus. Staden er særleg kjend av di kunstnarparet Arne og Hulda Garborg budde der frå 1898 til 1934.

Eigedomen vart selt til Asker kommune av arvingane, og er no ein del av Asker museum, som Labråten ligg rett attmed.

Labråten var ein sentral møtestad for ekteparet Garborgs intellektuelle venner, den såkalla Askerkretsen. Mellom dei kjende kunstnarane og likestillingsforkjemparane som møtte der, var Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Marta Steinsvik, Tilla Valstad, Sophie Werenskiold, Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik og Kitty Wentzel. I si tid vart Labråten kalla Målkroken av di så mange målfolk kom på vitjing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vis Labråten i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.