Kid Charlemagne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kid Charlemagne
Singel av Steely Dan
frå albumet The Royal Scam
B-side

Green Earrings

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1976
Sjanger Funkrock, poprock, jazzfusion, jazzrock
Lengd 4:38
Selskap ABC
Tekstforfattar Walter Becker
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
«Bad Sneakers»
(1975)
Kid Charlemagne «The Fez»
(1976)


«Kid Charlemagne» er ein song av den amerikanske rockegruppa Steely Dan, som kom ut på singel i 1976 frå albumet deira The Royal Scam. Singelen nådde 82. plassen på Billboard-lista.[1] Der er ei blanding av ein funkrytme og jazzharmoniar med rock and roll-instrumentering og tekststil. Gitarsoloen av jazzfusion-gitaristen Larry Carlton vart rangert på 80. plassen på lista over dei 100 beste gitarsoloane hos Rolling Stone, som skreiv at «Seint i 1970-åra laga Steely Dan plater ved hjelp av ei rekkje, dyktige studiomusikarar i opptak etter opptak skapte ei endelaus rekkje med gitarsoloar som gjev ein hakeslepp. Larry Carlton kosmiske jazzsolo i fleire lag på dette sporet kan vere den beste av die alle: Han er så kompleks at det er ein song i seg sjølv.»[2]

Teksten fortel soga om korleis ein dopseljar kjem seg opp, før han fell ned i eit psykedelisk miljø i 1960-åra på Vestkysten i USA. Walter Becker og Donald Fagen, som skreiv songen, har sagt at teksten var laust basert på LSD-kjemikaren Owsley Stanley frå San Francisco.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Anna bruk[endre | endre wikiteksten]

  • Kanye West sampla songen på «Champion» frå albumet Graduation i 2007. Becker og Fagen nekta først å la West bruke songen. Dei endra meining etter å ha fått eit personleg brev frå West som forklarte kor viktig songen var for han.[4]
  • I TV-serien Malcolm in the Middle, i fjerde sesong episode 15, finn Hal (Bryan Cranston) ein gammal radiosendar han brukte på college for ei piratradiosending han dreiv under pseudonymet «Kid-Charlemagne».[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steely Dan USA chart history, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
  2. «The 100 Greatest Guitar Songs». Arkivert frå originalen 30. mai 2008. Henta 5. mai 2017. . Henta 14. januar 2021.
  3. Complete transcript of Donald Fagen and Walter Becker in a BBC-Online Chat Arkivert 2009-04-13 ved Wayback Machine., 4. mars 2000
  4. Scarano, Ross (16. oktober 2012). «Interview: Steely Dan's Donald Fagen Talks New Album, Reclaiming the Ghetto, and Getting a Letter From Kanye». complex.com. Henta 14. januar 2021. 
  5. «Malcolm in the Middle episodes guide - 4 Season, Episode 15 (78) - Garage Sale». imdb.com. 6. april 2003. Henta 20. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]