Paulinho da Costa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Paulinho Da Costa)
Hopp til navigering Hopp til søk
Paulinho da Costa
Paulinho da Costa.jpg
Fødd31. mai 1948 (71 år)
FødestadRio de Janeiro
FødenamnPaulo Roberto da Costa
OpphavBrasil
AktivSidan 1963
SjangerJazz, rock, R&B, pop, blues, country, latinamerikansk musikk, disco
Instrumentperkusjon
PlateselskapA&M, Concord, Pablo
Verka somMusikar

Paulinho da Costa (fødd 31. mai 1948 som Paulo Roberto da Costa) er ein brasiliansk perkusjonist frå Rio de Janeiro, rekna som ein av dei mest innspelte musikarane i moderne tid.

Costa byrja karrieren sin som sambamusikar i Brasil, før han flytta til USA tidleg i 1970-åra for å arbeide med den brasilianske bandleiaren Sérgio Mendes. Han arbeide sidan med mange amerikanske pop-, rock- og jazzmusikarar og har delteke på over tusen album, og jazzmagasinet Down Beat rekna han som «ein av dei mest talentfulle perkusjonistane gjennom tidene».[1] Han var ein av musikarane på Michael Jackson-albumet Thriller, Madonna sitt True Blue, Celine Dion sitt Let's Talk About Love, hitsinglar frå filmar som Saturday Night Fever, Dirty Dancing og Purple Rain blant fleire. Han har òg turnert med Diana Krall. Han har på plate spelt over 200 forskjellige instrument og har arbeidd innan mange forskjellige sjangrar, som brasiliansk, blues, kristen, country, disco, gospel, hiphop, jazz, latinamerikansk, pop, rhythm and blues, rock, soul og verdsmusikk. Han har spelt inn tre soloalbum for Pablo Records, Agora, Happy People og Sunrise, i tillegg til BreakdownA&M Records.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

All Music Guide to Jazz: The Definitive Guide to Jazz Music skildrar da Costa som ein av dei mest etterspurte studiomusikarane i Los Angeles-området sidan 1970-åra og han har arbeidd med meir enn 900 artistar og band på over 200 forskjellige instrument.[2] Han har spelt på Dizzy Gillespie-album som Free Ride, Dizzy's Party og Bahiana.[3][4][5] Han har spelt på Earth, Wind and Fire-albuma All 'N All, I Am, Faces, Raise!, Powerlight, Millennium og In the Name of Love.[6][7][8][9][10][11] Produsenten Quincy Jones valte da Costa for mange av prosjekta sine, inkludert filmen The Wiz, og Jones-albuma The Dude, Basie & Beyond, Back on the Block, Q's Jook Joint og From Q with Love.[12][13][14][15][16][17][18] Da Costa spelte fast på albuma Jones produserte, som The Brothers Johnson sitt Light Up The Night, George Benson sitt Give me the Night, Donna Summer sitt Donna Summer, Barbra Streisand sitt Till I Loved You og USA for Africa sitt We Are the World.[19][20][21][22][23] Michael Jackson nytta da Costa for Off the Wall, Thriller, Bad, Dangerous, HIStory: Past, Present and Future, Book I og Invincible.[24][25][26][27][28]

I tillegg har da Costa mellom anna spelt for følgjande:


Instrument[endre | endre wikiteksten]

I følgje nettsida hans er da Costa kjend for å spele congatrommer, bongo, timbales, pandeiro, surdo, repenique, repique, cajón, claves, maracas, berimbau, atabaque, cuíca, reco-reco, tamborim, ganzá, chimes, treperkusjon, kubjøller, agogobjøller, triangel, caixa,caxixi, tarol, skarptromme, chocalho, basstromme, shekere, djembe, zabumba, kubbetromme, fløyte, sambafløyte, guiro, regnstav, tamburin, cabasa, afuché cabasa, cricket, flexatone, clad-bjøller, cymbal, chimes, bjølletre, fingercymbal, timba, tantan, tambora, batatromme, snakkande tromme, treblokk, kokiriko, vibraslap, jawbone, tempelblokk, kastanjettar, skei, udu, doum doum, bougarabou, kora, shaker, tønnetromme, okanga, gong, vibra-tone, pauke og slapstick.[29] Han har òg spelt vanlege trommer, klaprar, dumbek, reco-reco, kanebjølle, afrikansk shaker og zurna.[30]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Da Costa har medverka til følgjande filmmusikk. Han er òg med i filmen Purpur fargen som afrikansk musikar.[31]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lloyd, Robin (4. april 2013). «Prolific perkusjon master Paulinho da Costa». KPLU. Arkivert frå originalen den 5. februar 2015. Henta 4. juni 2018. 
  2. All Music Guide to Jazz: The Definitive Guide to Jazz Music. Backbeat Books. 2002. s. 296. ISBN 978-0879307172. Henta 4. juni 2018. 
  3. «Free Ride». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  4. «Dizzy's Party». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  5. «Bahiana». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  6. «Faces». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  7. «I Am». All Music. Arkivert frå originalen den 30. desember 2014. Henta 4. juni 2018. 
  8. «Raise». All Music. Arkivert frå originalen den 13. mars 2016. Henta 4. juni 2018. 
  9. «Powerlight». All Music. Arkivert frå originalen den 3. juni 2015. Henta 4. juni 2018. 
  10. «Millennium». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  11. «In the Name of Love». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  12. Jones, Quincy (2002). Q: The Autobiography of Quincy Jones. Three Rivers Press. s. 233. ISBN 978-0767905107. 
  13. «The Wiz». All Music. Arkivert frå originalen den 11. oktober 2014. Henta 4. juni 2018. 
  14. «The Dude». All Music. Arkivert frå originalen den 14. september 2014. Henta 4. juni 2018. 
  15. «Basie & Beyond». All Music. Arkivert frå originalen den 11. mars 2016. Henta 4. juni 2018. 
  16. «Back on the Block». All Music. Arkivert frå originalen den 12. februar 2016. Henta 4. juni 2018. 
  17. «Q’s Jook Joint». All Music. Arkivert frå originalen den 28. november 2015. Henta 4. juni 2018. 
  18. «From Q With Love». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  19. «Light Up The Night». All Music. Arkivert frå originalen den 13. februar 2014. Henta 4. juni 2018. 
  20. «Give Me the Night». All Music. Arkivert frå originalen den 6. januar 2015. Henta 4. juni 2018. 
  21. «Donna Summer». All Music. Arkivert frå originalen den 15. februar 2015. Henta 4. juni 2018. 
  22. «Till I Loved You». All Music. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2016. Henta 4. juni 2018. 
  23. «USA For Africa: We Are the World». All Music. Arkivert frå originalen den 15. september 2014. Henta 4. juni 2018. 
  24. «Off the Wall». All Music. Arkivert frå originalen den 13. mars 2015. Henta 4. juni 2018. 
  25. «Thriller». All Music. Arkivert frå originalen den 29. mars 2015. Henta 4. juni 2018. 
  26. «Bad». All Music. Arkivert frå originalen den 24. juni 2015. Henta 4. juni 2018. 
  27. «Dangerous». All Music. Arkivert frå originalen den 10. oktober 2015. Henta 4. juni 2018. 
  28. «HIStory: Past, Present and Future, Book I». All Music. Arkivert frå originalen den 18. januar 2014. Henta 4. juni 2018. 
  29. «Archived copy». Arkivert frå originalen den 2016-01-29. Henta 3. juni 2016. 
  30. «Paulinho Da Costa - Credits - AllMusic». AllMusic. Arkivert frå originalen den 24. september 2017. Henta 4. mai 2018. 
  31. «The Color Purple - Cast I». IMDB. Arkivert frå originalen den 7. august 2015. Henta 4. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]