Lean on Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«Lean on Me»
Singel av Bill Withers
frå albumet Still Bill
Utgjeve 21. april 1972
Innspelt 1971
Sjanger Soul
Lengd 4:17
Selskap Sussex
Låtskrivar(ar) Bill Withers
Produsent Bill Withers
Bill Withers-kronologi
«Grandma's Hands» (1971) «Lean on Me» «Use Me»
(1972)


«Lean on Me» er ein amerikansk gospelsong som vart skriven av Bill Withers i 1972. Han var med på albumet Still Bill og var utgjeven som singel 21. april same året. Songen har fått plass nummer 205 på Rolling Stone si liste over "dei 500 største songane nokonsinne".

Bill Withers voks opp i kolgruvebyen Slab Fork i Vest-Virginia. Då han som vaksen flytte til Los Angeles kom han til å sakna den sterke samhaldsetikken frå heimbyen, og det var dette som inspirerte han til å skriva «Lean on Me». Withers spelte han inn med hjelp frå medlemmene i Charles Wright & the Watts 103rd Street Rhythm Band.

Ei rekkje coverversjonar av «Lean on Me» har vorte gjevne ut. Han blir også ofte brukt i veldedige tiltak, t.d. på støttearrangementa etter jordskjelvet i Haiti 12. januar 2010. «Lean on Me» er også ein kjend song i Noreg, og har vorte føreslått som ein av dei nye salmane til Norsk salmebok 2013. [1]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


209:
 «Reach Out, I'll Be There» 
The Four Tops
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
208


Bill Withers – «Lean on Me»

207:
 «Try a Little Tenderness» 
Otis Redding