Leninisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Lenin i 1920

Leninismen er eit omgrep som refererer til politiske og filosofiske teoriar utarbeidde av bolsjevikleiaren Vladimir Lenin, og av andre som hevdar at dei byggjer vidare på Lenin sitt arbeid. Leninismen byggjer på marxismen, og dannar basis for det som frå Stalin si tid vart den offisielle ideologien til Sovjetunionen, kalla marxismen-leninismen.

Uttrykket leninisme var lite brukt medan Vladimir Lenin levde, men frå han døydde i 1924 vart det brukt positivt om den varianten av marxisme han hadde stått for, av tilhengjarane hans. Dette gjaldt i Sovjetunionen både Josef Stalin og Lev Trotskij. Etter at Stalin vann maktkampen i Det sovjetiske kommunistpartiet, vart den stalinistiske tolkinga av Lenin, marxismen-leninismen, regimet sin offisielle ideologi. Dermed vart han òg den Tredje Internasjonalen sin. Trotskistane meinte på si side at det var dei som var dei rette arvtakarane etter Lenin, og kalla seg bolsjevik-leninistar i opposisjon til «den stalinistiske degenereringa».

Lenin kalla seg sjølv marxist. Men Lenin tok meir utgangspunkt i taktiske vurderingar enn Karl Marx, og var difor ueinig med Marx på sentrale punkt. Lenin meinte til dømes i motsetnad til Marx at ein sosialistisk revolusjon kunne gjennomførast i eit tilbakeliggjande land som Russland, der kapitalismen berre var i startfasen, og arbeidarklassen eit lite mindretal i folket. Sjølv om vurderingane til Lenin var taktiske og dermed situasjonsavhengige, vart mange av dei opphøgde til absolutt sanning av kommunistar i heile verda på 1900-talet.

Lenin sine politiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Dei tre områda der Lenin har gjeve dei viktigaste bidraga, er om partiet, om revolusjonen og om staten og demokratiet.

Lenin sin partiteori[endre | endre wikiteksten]

I pamfletten Что делать? (Hva må gjøres?) fastslår Lenin at arbeidarklassen si maktovertaking måtte vera leidd av eit eliteparti. Pamfletten var ei viktig årsak til splittinga i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet. Lenin sin kaderpartimodell har seinare vorte brukt av kommunistparti i dei fleste område i verda. Lenin fastslo òg at eit kommunistparti berre kunne nå måla sine gjennom eit disiplinert organisasjonsapparat og praktisering av det han kallar demokratisk sentralisme, som vil seia at saker vert grundig handsama internt og at tillitsvalde står for partiet sitt «endelege» syn også når dei har vore usamde i det.

Lenin meinte òg at kommunistpartiet var den einaste institusjonen som kunne tala arbeidarklassen si sak. Lenin sine teoriar om partiet, og om partiet si rolla som dei einaste representantane for arbeidarklassen, har i dag lite oppslutnad, men den demokratiske sentralismen er framleis halden i hevd i dei fleste kommunistparti som høyrer til den leninistiske tradisjonen. Lenin sin partiteori står i sterk kontrast til Marx, som i Det kommunistiske manifestet slår fast at «kommunistane» i hans meining av ordet ikkje er eit eige parti i det heile teke.[1]

Revolusjonsteorien[endre | endre wikiteksten]

Den leninistiske modellen for revolusjon var militaristisk, og tok utgangspunkt i den vellukka storminga av Vinterpalasset i oktoberrevolusjonen i 1917. Ein slik revolusjon går ut på at arbeidarklassen vinn klassekampen gjennom eitt avgjerande slag mot borgarskapet. Det har seinare skjedd fleire slike revolusjonar som har vore vellukka, men berre i ustabile eller mindre utvikla statar.

Staten og demokratiet[endre | endre wikiteksten]

Lenin såg på det borgarlege demokratiet som eit skinndemokrati, som ei skjuling av borgarskapet sitt klassediktatur, og ville erstatta dette med proletariatets diktatur, der arbeidarklassen skulle undertrykkja dei tidlegare undertrykkjarane. I Sovjetunionen førte dette til opprettinga av ein ny, herskande elite, der proletariatet sitt herredømme vart til partiet sitt diktatur.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.marxists.org/norsk/marx-engels/1848/01/manifestet/mani2.htm