Lerkefalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lerkefalk
Lerkefalk
Lerkefalk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]██ Hekkeområde ██ Standfuglar ██ På trekk ██ Overvintring
██ Hekkeområde ██ Standfuglar ██ På trekk ██ Overvintring
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Slekt: Falco
Underslekt: Hypotriorchis
Art: Lerkefalk F. subbuteo
Vitskapleg namn
Falco subbuteo

Lerkefalk (Falco subbuteo) er ein liten rovfugl og ein middels stor medlem av falkefamilien. Han hekkar i tempererte soner i den palearktiske regionen og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i Søraust-Asia. I Noreg hekkar arten i dei søraustlege regionar, vestover til og med Vestfold og Telemark. Ein kan kjenna han igjen på dei lange, slanke vengene hans, og den elegante svaleliknande flukta. Om ein er nær nok, ser ein karakteristisk raudbrun undergump og «bukseområde» i kontrast til kvitt med svarte strek på resten av undersida. Lerkefalken lever av insekt og i ei viss grad av små fuglar som han fangar i lufta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lik som med andre falkar er hoa størst - ho veg 140-340 gram, mens hannen veg 130-230 g. Kroppslengda er mellom 28 og 36 cm og dei har eit vengespenn mellom 68 og 84 cm.[2] Oversiden er mørk skifergrå, undersida er lys med mørke striper. Kinna er kvite med ein tydeleg skjeggstripe. I flukta syner han lange, smale, spisse, halvmåneforma venger og ein middels lang hale.

Føda er hovudsakleg insekt, slik som augestikkarar, biller, møll, grashopper, sirissar og maur, i Afrika termittar. Spesielt i hekketida tar dei òg småfuglar: svaler, seglarar, starar og andre. All føde blir fanga i flukt.[2]

Arten hekkar kvart år, og hoa legg normalt tre egg (2-4) i midten av juni i eit tidlegare brukt reir laga av andre fuglar, som til dømes kråker. Egga blir ruga på i 28-33 dagar, og ungane blir mata i opp til 34 dagar.[2]

Utbreiing

Lerkefalken er utbreidd over nesten over heile Europa, men på Dei britiske øyane berre Sør-England, og Skandinavia berre rundt Austersjøregionen og vestover inn i Søraust-Noreg. Frå Europa austover i eit breitt belte over store delar av Nord- og Sentral-Asia, Nord-Kina til Kamtsjatkahalvøya, Sakhalin og Japan.

Det meste av populasjonen overvintrar i sørlege Afrika, men somme òg i sørlegaste Sør-Kina og inn i nordlegaste Søraust-Asia.

Status

Den totale globale bestanden av lerkefalk er per 1994 rekna til 0,9 til 1,5 millionar individ, og er minkande.[3] Den norske hekkebestanden er liten, færre enn 250 hekkande par i 2015, men er ein stabil bestand. Lerkefalken er oppført på norsk raudliste i kategorien nær truga (NT).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Bekken, 1994, Artsomtale: Falco subbuteo – lerkefalk, S. 132 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. 5. februar 2022
Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark lerkefalk Falco subbuteo Linnaeus, 1758 Henta 5. februar 2022
  2. 2,0 2,1 2,2 Orta, J., G. M. Kirwan, og J. S. Marks (2020). Eurasian Hobby (Falco subbuteo), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eurhob.01
  3. BirdLife International (2022) Species factsheet: Falco subbuteo Henta frå http://www.birdlife.org 5. februar 2022
  4. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av lerkefalk Falco subbuteo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 5. februar 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lerkefalk