Lester Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lester Young

Lester Willis Young, med kallenamnet «Prez» (27. august 190915. mars 1959) var ein tenorsaksofonist og klarinettist frå Sambandsstatane. Han var ein av dei fremste på tenorsaksofonen, kjend for sin kjølige tone. Han blir òg ofte nemnt i samband med hipster-tradisjonen i jazzen. Han slo i gjennom med Count Basies orkester i 1936-1940 og i 1943-1944.

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Woodville i Mississippi og voks opp i ein musikalsk familie. Far hans var ein respektert lærar, broren Lee Young var ein batterist og fleire andre slektningar var profesjonelle musikarar. Familien flytta til New Orleans då Lester var eit spedbarn og seinare til Minneapolis. Far hans lærte han å spele trompet, fiolin og trommer i tillegg til saksofon. Han spelte i familien sitt orkester på scener for vaudeville og karneval. Han forlét familien sitt orkester i 1927 fordi han nekta å turnere i sørstatane i USA, der dei såkalla Jim Crow-lovene vart oppretthaldne.

Etter å ha vore innom nokre band slo han seg ned i Kansas City i 1933. Han kom fram i ljoset i bandet til Count Basie. Særleg la folk merke til den avslappa spelestilen hans. Han var ein tydeleg kontrast til Coleman Hawkins som var den leiande utøvaren på tenorsaksofon då.

Young forlet bandet til Basie og gjekk til Fletcher Hendersons band, kor han erstatta nettopp Hawkins. Kritikken for at han ikkje spela som Hawkins blei sterk. Han forlét bandet, spela nokre månader med Andy Kirk og gjekk deretter attende til Basie. Innspelingane med Basies band frå 1936 til 1940 var revolusjonerande. I staden for å fylgje orkesteret lét han solo-stykka sine «flyte» over lyden frå bandet, i si eiga takt og rytme. Han improvisera mykje og soloane kunne endra seg kraftig frå gong til gong. Mange meiner denne tida var bandets beste.

Jamvel på klarinetten hadde han sin eigen stil. Han gjorde fleire innspelingar i 1938-39 med Basies band, med Billie Holiday og med små grupper under eiga og Basies leiing. I 1939 blei klarinetten hans stolen og han spela ikkje meir før i 1957 då han fekk ein ny, med oppmoding om å spela, av Norman Granz.

Eksentrisk ikon[endre | endre wikiteksten]

Sidan jazzmsikken allereie hadde ein «King of Swing» i Benny Goodman, ein «Duke» Ellington og ein «Count» Basie, vart Lester Young kjend som Prez (kortform av president som i «Presidenten av tenorsaksofonistane»). Opphavet til namnet kom frå Billie Holiday (sjølv om nokre kjelder hevdar at han var kalla «Prez» lenge før han møtte henne). Young gav på si side Holiday aukenamnet «Lady Day».

Young blei sett på som ein eksentrikar av dei som ikkje høyrde til krinsen hans — det vil seie dei han ikkje stolte på. Han gjorde dette ved å skapa eit eige språk som berre venene hans kunne forstå. Ein politimann var ein «Bob Crosby», ei øving ei «molly trolley» og fingrar eller tangentar var «people».

Han hadde spesielle klede og Pork Pie-hatten blei eit varemerke for han. Somme tider, særleg i starten, hol han hornet vassrett mot høgre, som ei fløyte. Han var på mange vis ein tidleg hipster, føre Slim Gaillard og Dizzy Gillespie.

Musikaren forlet gruppa til Basie mot slutten av 1940. Ryktet vil ha det til at han hadde nekta å spela fredag den 13. desember; men kor sant dette er er tvilsamt. Frå no av leia Lester Young ei rekke mindre grupper der bror hans, trommeslagaren Lee Young, ofte var med.

I denne perioden akkompagnerte han Billie Holiday på eit par framifrå studio-innspelingar i 1940 og 1941. Han gjorde òg nokre gode innspelingar med Nat "King" Cole (det første av fleire samarbeid) i juni 1942. Her kan ein merke seg at talet på innspelinga var relativt begrensa i perioden 1942-43, mykje på grunn av eit innspelingsforbod i krigstida.

Young vende attende til Basie-orkesteret i desember 1943 der han var dei neste 10 månadane, før han blei kalla inn til militærtjeneste. Innspelingar gjort i denne og etterfølgjande periodar syner at han i større grad tok i bruk røyr av plastikk. Dette gav han ein tyngre tone fylt av meir luft. Sjølv om han aldri forlét røyr laga av bambus, tok plastikkrøyra meir over frå 1943. I august 1944 spelte han saman med batterist Jo Jones, trompetar Harry "Sweets" Edison og tenorsaksofonist Illinois Jacquet i Norman Granz sin film Jammin' the Blues.

Tida i hæren og etterverknadane[endre | endre wikiteksten]

I september 1944 var han og Jo Jones i Los Angeles med Basie sitt band. Dei vart der innkalla til militæret. Medan mange kvite musikarar vart plasserte i orkester som dei Glen Miller og Artie Shaw leia, vart Young plassert i dei regulære styrkane i hæren, der han ikkje fekk lov til å spele saksofon. Då han var i Ft. McClelland, Alabama, vart det funne alkohol og marihuana blant eigedelane hans. Hæren fann også ut at han var gift med ei kvit kvinne. Dette leia til rasistisk mishandling, og han vart raskt stilt for krigsrett. Young gjekk ikkje mot siktingane, og han vart domfelt. Han sona eit år i interneringsleir, og fekk avskjed i unåde seint på året 1945. Erfaringane frå interneringsleiren inspirerte komposisjonen «D.B. Blues» (D.B. står for detention barracks).

Med nokre unntak har jazzhistorikarar generelt sagt at Youngs saksofonspel vart mykje dårlegare i åra etter den traumatiske erfaringa frå hæren. Om ein vurderer dei siste 14 åra av livet til Young objektivt, var desse meir produktive for han (samanlikna med åra før andre verdskrigen) når ein ser på talet på studioinnspelingar, kor ofte han opptredde og inntekta hans. I tillegg er det mogeleg å høyre ein aukande og djup kjenslemessig komponent i spelet hans. I denne perioden gjorde han nokre av sine største balladeversjonar. Han vart med i Norman Grantz sin Jazz at the Philharmonic(JAPT)-trupp i 1946. Med denne gruppa turnerte han fast dei neste tolv åra, og han gjorde mange studioinnspelingar under Grantz si leiing. Young spelte også inn mykje for plateselskapa Alladin og Savoy i den siste halvdelen av 1940-åra.

Sjølv om kvaliteten og konsistensen i spelet kanskje avtok i siste halvdel av 1940-åra og byrjinga av 1950-åra, hadde han også nokre briljiante konsertar i denne perioden. Det er spesielt verdt å merke seg konsertane med JAPT i 1946, 1949 og 1950 - soloen på «Lester Leaps In» under JAPT-konserten på Carnegie Hall i 1949 er kanskje ein av dei største jazzsoloane nokon sinne.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Frå om lag 1952 byrja spelinga til Young raskt å verte svekka, på grunn av tung drikking. Han baserte seg meir på eit lite knippe klisjé-aktige frasar. Trass i at han sa han ikkje ville vere ein «repeater pencil» (Young sitt eige uttrykk for det å ta opp at sine eigne idear), var han mindre kreativ og original enn tidlegare. Ei samanlikning av studioalbuma frå 1952 og dei frå 1953-1954 (alle tilgjengelege frå plateselskapet Verve) syner også at han hadde både mindre kontroll over instrumentet og dårlegare rytmekjensle, kanskje på grunn av mentale og fysiklaske faktorar. Spelinga og helsa stupte, og det enda i eit sjukehusopphald i November 1955, etter eit nervøst samanbrot.

Etter behandlinga vart han betre, og 1956 var eit relativt godt år for han, noko ein kan høyre i innspelingane frå januar 1956 med Teddy Wilson, Roy Eldrige og Jo Jones. Likevel var det ei kortvarig forbetring, og ved slutten av 1950-åra hadde dei sjølvdestruktive vanane gått hardt ut over han. Han åt mykje mindre, drakk tettare og leid av leversjukdom og feilernæring. Young sin svekka fysiske styrke og reduserte kreative evner dei to siste åra av livet resulterte i innspelingar som ofte er smertefulle å høyre. Han spelar med ein skrøpeleg tone, har avkorta frasar, og ofte urovekkjande vanskar med å i det heile få nokon lyd i det heile til å komme ut av hornet.

8. desember 1957 opptredda han med Billie Holiday, Coleman Hawkins, Ben Webster, Roy Eldridge og Gerry Mulligan i CBS-programmet The Sound of Jazz. Dei framførte Holiday sin låt «Fine and Mellow». Soloen til Young er grei nok, spesielt til å vere i denne perioden av livet, og den får fram ein umiskjenneleg gripande reaksjon frå Holiday. Trass i dette har han ein sjukleg utsjånad, og han er den einaste av blåseinstrumenta som sit (bortsett frå under soloen) under innspelinga.

Lester Young gjorde sine siste studioinnspelingar og livespelingar i Paris i mars 1959, mot slutten av ein forkorta Europa-turne der han nesten ikkje åt noko og bokstavleg tala drakk seg sjølv til døde. Han døydde tidleg om morgonen 15. mars 1959, berre timar etter han kom attende til New York. Han vart 49 år gamal. Kanskje det ikkje er heilt tilfeldig at den nære og langvarige venen Billie Holiday døydde berre månader etter, i ein alder av 44 år. I følgje den berømte jazzkritikaren Lonard Feather, som sat saman med Holiday i ein drosje til Young si gravferd, sa ho: «I'll be the next one to go».

Dedikasjonar og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Charles Mingus komponerte «Goodbye Porkpie Hat», eit elegant verk, til minne om Young berre eit par månader etter gravferda. Wayne Shorter komponerte «Lester Left Town».

Spelestilen til Lester Young påverka mange andre tenorsaksofonistar. Dei kanskje mest kjende av desse var Stan Getz og Dexter Gordon, men han påverka òg mange i cooljazz-rørsla, som Zoot Sims, Al Cohn, og Gerry Mulligan. Sonny Stitt tok opp i seg element frå Lester Young etter at han skifta til tenorsaksofon. Young hadde òg påverknad på den unge Charlie Parker («Bird»), og dermed heile bebop-rørsla.

Svarttrosten
fuglenes Lester Young
Jan Erik Vold

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]