Letitia Vriesde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Letitia Vriesde
Statsborgarskap Surinam
Fødd 5. oktober 1964 (59 år)
Coronie
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Letitia Alma Vriesde (fødd 5. oktober 1964) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Paramaribo i Surinam. Ho spesialiserte seg på 800 meter og vann sølv på distansen under verdsmeisterskapen 1995 og bronse i VM 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vriesde slo seg inn i verdseliten på 800 meter då ho enda på femteplassen under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo, tett på 27 år gammal. Løpstida 1.58,28 var landsrekord, ein rekord ho forbetra til 1.57,96 ved eit stemne i Hengelo i Nederland 28. juni 1992. Ved verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg sprang Vriesde sitt livs beste 800 meter. I finalen kom ho i mål på 1.56,68, søramerikarekord også i 2020, og vann sølvmedaljen. Cubas Ana Fidelia Quirot vann klart, medan Kelly Holmes frå Storbritannia tok bronsen. Etter ein fjerdeplass på 800 m i VM 1997, lukkast ikkje Vriesde å ta seg til finalen i korkje VM 1999 eller OL 2000. Derimot imponert ho stort med di ho vann bronsemedaljen i Edmonton-VM 2001, nærare 37 år gammal. Med årsbeste på 1.57,35 fylgde ho like bak gullvinnar Maria Mutola og sølvmedaljør Stephanie Graf.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,34) og 1500 m (4.19,5, nr. 22)
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 5 på 800 m – 1.58,25. Nr 8 på 1500 m – 4.09,6
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 8 på 1500 m – 4.09,6. Utslått i semifinalane på 800 m (1.58,28, nr. 9)
  • VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,68, bakom Ana Fideia Quirot (1.56,11)
  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane på 800 m (1.58,29, nr. 9)
  • VM 1997 i Aten: Nr 4 på 800 m – 1.58,12
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i semifinalane på 800 m (2.00,33, nr. 9)
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøket på 800 m (2.02,09, nr. 18)
  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 800 m – 1.57,35
  • VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 800 m (2.00,88, nr. 12)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 800 m (2.06,95, nr. 24)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,07, nr. 19)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]