Larry Knechtel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larry Knechtel
Fødd4. august 1940(1940-08-04)
FødestadBell i California i USA
Død20. august 2009 (69 år)
DødsstadYakima i Washington
FødenamnLawrence William Knechtel
OpphavUSA
Instrumentpiano, hammondorgel, elektrisk piano, cembalo, harmonium, gitar, klaverinstrument, bass, munnspel
Verka somStudiomusikar

Lawrence William «Larry» Knechtel (4. august 194020. august 2009) var ein amerikansk klaverspelar og bassist, mest kjend som medlem av The Wrecking Crew, ei gruppe studiomusikarar i Los Angeles som spelte med kjende artistar som Simon & Garfunkel, Duane Eddy, The Beach Boys, The Mamas & the Papas, The Monkees, The Partridge Family, The Doors og Elvis Presley, og som medlem i 70-talsgruppa Bread.

Knechtel starta karrieren sin i 1957 i bandet Kip Tyler and the Flips frå Los Angeles. I august 1958 vart han med i bandet til Duane Eddy, The Rebels. Etter fire år på turné i bandet, varth an med Eddy i studio, og vart slik ein del av studiomusikkmiljø i Los Angeles og arbeidde med Phil Spector som pianist. Knechtel spelte på mange av dei store hittane på denne tida[1] og i 2007 vart han innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum.

I 1970 vann Knechtel Grammyprisen for pianospelinga på «Bridge over Troubled Water» av Simon and Garfunkel. Han spelte òg piano på Johnny Rivers-hitten «Rockin' Pneumonia and the Boogie Woogie Flu» i 1972.

Knechtel spelte òg andre instrument, som munnspel og elektrisk bassgitar, som ein kan høyre på «Mr. Tambourine Man» av The Byrds, «Stoney End» av Barbra Streisand, «If I Can Dream» av Elvis Presley og på spor av The Doors (som ikkje hadde sin eigen bassgitarist). I 1971 vart han med i bandet Bread, der han mellom anna spelar gitarsoloen på hitten «The Guitar Man». Han spelte òg for Nancy Sinatra.

Seint i 1980-åra flytta Knechtel til Nashville, der han fekk kontrakt som soloartist. Han gav ut to soloalbum, Mountain Moods og Urban Gypsy, begge i 1990.[2]

Han arbeidde i seinare åra med plateprodusenten Rick Rubin, og spelte klaverinstrument på albuma til Neil Diamond og Dixie Chicks, turnerte med Elvis Costello og Dixie Chicks.

Knechtel døydde 20. august 2009 på Yakima Valley Memorial Hospital i Washington, 60 år gammal, etter eit hjarteåtak.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Mountain Moods (1989)[4]
  • Urban Gypsy (1990)[5]

Studioarbeid (utval)[endre | endre wikiteksten]

'Med The We Three Trio

Med Chet Baker

Med The Doors

Med Howard Roberts

Med Lalo Schifrin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hartman, Kent (February–March 2007). «The Wrecking Crew». American Heritage 58 (1). 
  2. «Larry Knechtel Biography». Larry Knechtel Family Estate. Henta 16 January 2013. 
  3. «Larry Knechtel, Rock Keyboardist-Arrangør, Dies at 69». The New York Times. 25 August 2009. 
  4. «Larry Knechtel - Mountain Moods». MusicStack. Henta 16 January 2013. 
  5. «Larry Knechtel - Urban Gypsy». Discogs. Henta 16 January 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]