Ljubov Gurina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljubov Gurina
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 6. august 1957 (66 år)
Belokholunitsky District
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Ljubov Mikhajlovna Gurina (fødd 6. august 1957) er ein sovjet-russisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Matusjkino i Kirov oblast i dagens Russland som vart europameister på 800 meter i 1994, etter tidlegare å ha vunne VM-sølv på distansen både i 1983 og i 1993, EM-bronse i 1986 og VM-bronse i 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gurina meisterskapsdebuterte med å ta sølvmedaljen på 800 meter i Helsinki i 1983 under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, ho sette personbeste med 1.56,11, men vart slått med halvtanna sekund av Jarmila Kratochvílová frå Tsjekkoslovakia. Tre år seinare tok Gurina bronsemedaljen ved EM 1986 i Stuttgart, eit løp sovjetiske Nadezjda Olizarenko vann framom Sigrun Wodars frå Aust-Tyskland. Året etter vart Gurina under VM i Roma klokka inn på 1.55,56, hennar livs snøggaste løp på spesialdistansen, og ho vann ein ny bronsemedalje bak dei austtyske utøvarane Wodars og Christine Wachtel.

Under VM 1993 i Stuttgart sikra Gurina seg sølvmedaljen på 800 meter, meir enn halvtanna sekund bakom Mosambiks Maria Mutola. Eitt år etter måtte det målfoto til for å avgjere om Gurina eller kviterussiske Natalja Dukhnova skulle få gullmedaljen på 800 meter ved EM 1994 i Helsinki, begge fekk sluttida 1.58,55. Gurina vart kåra til europameister, med sine 37 år den eldste europameisteren i friidrett. To veker før Helsinki-VM sprang ho i Monaco sitt livs beste 1500 meter på 4.02,4.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]