Love Is Strange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love Is Strange
Singel av Mickey & Sylvia
B-side

«I'm Going Home»

Utgjeve November 1956[1]
Innspelt 17. oktober 1956[2]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:52
Selskap Groove
Låtskrivar(ar) Mickey Baker, Sylvia Vanderpool, Ethel Smith
Produsent Bob Rolontz[2]
Mickey & Sylvia-kronologi 
«No Good Lover»
(1956)
Love Is Strange «There Oughta Be a Law»
(1957)


«Love Is Strange» er ein song av den amerikanske rhythm and blues-duetten Mickey & Sylvia, som kom ut seint i november 1956 på Groove.[1]

Songen var basert på eit gitarriff av Jody Williams. Songen vart skriven av Bo Diddley under namnet til kona hans på den tida, Ethel Smith, og vart spelt inn av mellom andre Bo og Buddy Holly. Gitarriffet vart òg nytta av Dave «Baby» Cortez i instrumentalen «Rinky Dink» i 1962, som òg er tilskriven Diddley.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

På ein konsert i Howard Theatre i Washington, D.C. høyrde Mickey og Sylvia Jody Williams spele eit gitarriff som Williams hadde spelt på debutsingelen til Billy Stewart, «Billy's Blues».[3] «Billy's Blues» vart gjeven ut på singel i juni 1956 med ei blanding av vanlege bluesinstrument og afrokubanske instrument.[4] Sylvia Robinson hevdar at ho og Mickey Baker skreiv teksten, medan Bo Diddley hevdar han skreiv han.

Den første innspelinga av «Love Is Strange» vart gjort av Bo Diddley, som spelte inn sin versjon 24. mai 1956 med Jody Williams på sologitar. Denne versjonen kom ikkje ut før I'm a Man: The Chess Masters, 1955–1958 i 2007.[5] Mickey & Sylvia sin versjon vart spelt inn fleire månader seinare, den 17. oktober 1956.[2] Ei ny Mickey & Sylvia-innspeling, nokre år seinare, vart spelt inn med Bernard «Pretty» Purdie på trommer. Det vart den første spelejobben han hadde.[6][7][8]

Salslister og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«Love Is Strange» nådde toppen av Billboard si R&B Singles-liste den 6. mars 1957 og 11. plassen på Hot 100.[9] I 2004 vart «Love Is Strange» innlemma i Grammy Hall of Fame.[10]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

År Artist Liste og plassering Merknad
1962 Lonnie Donegan UK album (#3) På albumet The Golden Age of Donegan.[11]
1964 Betty Everett og Jerry Butler US R'n'B (#42) Singel A-side for Vee-Jay Records (med B-sida «Smile»).
1965 The Everly Brothers UK chart (#11) På albumet Beat & Soul
1967 Peaches & Herb Billboard Hot 100 (#13) and R&B Singles (#16) Med liknande dialog som på Mickey and Sylvia-versjonen.[12]
1969 Buddy Holly Bubbling Under Hot 100 Singles (#115) og RPM 100 (#76) Spelt inn i 1950-åra, men kom ikkje ut før i 1969.[13]
1969 Nancy Sinatra og Lee Hazlewood - Sinatra og Hazlewood spelte inn ein demoversjon i 1969 for eit planlagd duettalbum, med Billy Strange som dirigent.
1971 Wings - Kom ut på albumet Wild Life
1973 Exuma - På albumet Life
1975 Buck Owens og Susan Raye Nådde Topp 20 på countrylista.
1988 Johnny Thunders og Patti Palladin - På albumet Copy Cats
1990 Kenny Rogers og Dolly Parton Amerikanske countrylista (#21) På Rodgers-albumet Love Is Strange og som singel
1990 KT Oslin - Singel på albumet hennar Love in a Small Town
1992 Everything But The Girl UK chart (#13) EP-en 'Covers'

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Delar av songen vart sampla for songen «Rinky Dink» av Bill Justis og i 2012 på Pitbull-hitten «Back in Time».

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i filmen Dirty Dancing og er med på filmmusikkalbumet, som er eit av dei bestseljande albuma nokon gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ackerman, Paul, red. (24. november 1956). «Reviews of New R&B Records». Billboard 68 (47): 48. Henta 18. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Love is Strange» med «Love is a Treasure» by Mickey & Sylvia. RCA Victor 45 RPM (447-0599).
  3. Dahl, Bill. Jody William's BiographyAllmusic. Henta 18. mai 2018.
  4. Ackerman, Paul, red. (16. juni 1956). «Reviews of New R&B Records». Billboard 68 (24): 44. Henta 18. mai 2018. 
  5. I'm a Man: The Chess Masters, 1955–1958 (CD liner). Bo Diddley. United States: Hip-O Select. 2007. B0009231-02. 
  6. «Jazz Articles: Mickey Baker: A Tough Customer Who Never Lost His Edge - By Tom Reney — Jazz Articles». Jazztimes.com. Henta 18. mai 2018. 
  7. Bernard « Pretty » Purdie, Let The Drums Speak!,2014, page 55.
  8. Gershuny, Diane. «Bernard Purdie: The Session Legend - DRUM! Magazine - Play Better Faster». DRUM! Magazine. Henta 18. mai 2018. 
  9. «Charts & Awards: Mickey & Sylvia – Billboard Singles». AllMusic. United States: Rovi Corporation. Henta 18. mai 2018. 
  10. «Grammy Hall of Fame (Letter L)». Grammys. United States: National Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 18. mai 2018. 
  11. Dave Thompson. «The Golden Age of Donegan - Lonnie Donegan | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 18. mai 2018. 
  12. «Charts & Awards: Peaches & Herb – Billboard Singles». Allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta 18. mai 2018. 
  13. «Top Singles – Volume 11, No. 13, 26. mai 1969». Library and Archives Canada. 31. mars 2004. Arkivert frå originalen (PHP) 21. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]