Wild Life av Wings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wild Life
Studioalbum av Wings
Utgjeve 7. desember 1971
Innspelt 25. juli – 2. august 1971
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 39:39
Selskap Apple
Produsent Paul McCartney, Linda McCartney
Paul McCartney-kronologi
Ram Wild Life Red Rose Speedway
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC–
The Essential Rock Plateography4/10[2]
MusicHound2.5/5[3]
Q1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

Wild Life er debutalbumet til Wings og det tredje studioalbumet til Paul McCartney etter oppløysinga av The Beatles. Albumet vart spelt inn i juli og august 1971 i Abbey Road Studios av McCartney og kona hans Linda i lag med studiotrommisen Denny Seiwell, som dei hadde arbeidd med på det førre albumet, Ram, og Denny Laine, som tidlegare hadde spelt i The Moody Blues. Albumet kom ut på Apple Records den 7. desember i både Storbritannia og USA og fekk lunken mottaking både av kritikarane og kommersielt.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I juli 1971 hadde McCartney ei rekkje ferske songar, og det nydanna Wings spelte inn albumet på berre litt over ei veke med tanken om at det skulle vere umiddelbart og rått for å fange det friske og vitale i ei live studioinnspeling. Fem av dei åtte songane vart spelte inn på eitt forsøk. Paul McCartney sa seinare at dei kortvarige innspelingane til Bob Dylan var ein inspirasjon til dette.[6] Den første innspelinga vart halde i Abbey Road Studios den 25. juli.[7] McCartney vart filma då han spelte «Bip Bop» og «Hey Diddle», på denne tida, som seinare kom med i fjernsynsfilmen Wings Over the World.[8]

Albumet vart øvd inn i studioet til McCartney i Skottland, kalla Rude Studio, som Paul og Linda hadde brukt til å lage demoar av songane dei skulle ta med på albumet. Sjølve albumet vart spelt inn i Abbey Road med Tony Clark og Alan Parsons som lydteknikarar. Ein kan høyre Paul sei «Take it, Tony» i byrjinga av «Mumbo». Paul song alle songane sjølv, men hadde med seg Linda på «I Am Your Singer» og «Some People Never Know». Denny Laine og Linda McCartney syng korvokal på «Tomorrow».[9]

På albumet «The Complete Audio Guide to the Alan Parsons Project», fortel Alan Parsons at han laga ein røff miks av «I Am Your Singer» som Paul likte så godt at han brukte denne som den endelege miksen på albumet.

Wild Life inneheld ein reggae-versjon av Mickey & Sylvia sin hit «Love Is Strange» frå 1957.[9] Det vart distribuert ein singel av denne songen i desember 1971, men han kom aldri i sal fordi albumet selde så dårleg.[8]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk lunken mottaking då det kom og nådde 11. plassen i Storbritannia og 10. plassen i USA, der det selde til gullplate. I The Beatles: An Illustrated Record skriv Roy Carr og Tony Tyler at albumet er eit «hastverksarbeid, defensivt, med dårleg timing og for mykje omtalt» og skreiv at det synte botnnivået i låtskrivinga til McCartney, «akkurat når han trong litt respekt».[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Mumbo»   3:54
2. «Bip Bop»   4:14
3. «Love Is Strange» (Mickey Baker, Sylvia Vanderpool, Ethel Smith) 4:50
4. «Wild Life»   6:48
Side to
# Tittel Lengd
5. «Some People Never Know»   6:35
6. «I Am Your Singer»   2:15
7. «Tomorrow»   3:28
8. «Dear Friend»   5:53

The Paul McCartney Collection-utgåva frå 1993[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Mumbo»   3:54
2. «Bip Bop»   4:14
3. «Love Is Strange» (Baker, Smith) 4:50
4. «Wild Life»   6:48
5. «Some People Never Know»   6:35
6. «I Am Your Singer»   2:15
7. «Bip Bop Link»   0:52
8. «Tomorrow»   3:28
9. «Dear Friend»   5:53
10. «Mumbo Link»   0:45
Bonusspor på 1993-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Give Ireland Back to the Irish» (Debutsingelen til Wings. Sidan bannlyst av BBC.) 3:46
12. «Mary Had a Little Lamb» (Andre singelen til Wings.) 3:34
13. «Little Woman Love» (B-side til «Mary Had a Little Lamb») 2:11
14. «Mama's Little Girl» (av Paul McCartney, først gjeve ut i 1990 som B-side til «Put It There») 3:41
Bonusspor på iTunes i 2007
# Tittel Lengd
15. ««Give Ireland Back to the Irish (version)»» (Instrumental versjon.) 3:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971/72) Plassering
Australske Kent Music Report Chart[11] 3
Canadian RPM Albums Chart[12] 5
Den nederlandske albumlista[13] 6
Den japanske Oricon-lista[14] 15
Norwegian VG-lista Albums Chart[15] 4
Den spanske albumlista[16] 2
Swedish Kvällstoppen Albums Chart[17] 3
UK Albums Chart[18] 11
US Billboard 200[19] 10
US Cash Box Top 100 Albums[20] 6
US Record World 100 Top LP's[20] 9
Den vesttyske Media Control-lista[21] 47

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Den australske albumlista[11] 24

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
Canada (Music Canada)[22] Gull
USA (RIAA)[23] Gull

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wild Life av WingsAllmusic
  2. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Plateography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  3. Graff; Durchholz 1999, p. 730
  4. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  5. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Henta 18. mars 2014. 
  6. Garbarini 1980
  7. Perasi 2013, p. 66
  8. 8,0 8,1 Miles; Badman 2001
  9. 9,0 9,1 Ingham 2009
  10. Carr; Tyler 1975
  11. 11,0 11,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. «Top Albums/CDs – Volume 16, No. 24». RPM. 29. januar 1972. Henta 18. mai 2018. 
  13. «dutchcharts.nl Wings – Wild Life». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 18. mai 2018. 
  14. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  15. «norwegiancharts.com Wings – Wild Life». Henta 18. mai 2018. 
  16. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  17. «Swedish Charts 1969–1972 (in PDF-files)» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 18. mai 2018.  Note: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart. Wild Life peaked at the number-five on the hit parade on 11. januar 1972.
  18. «Artist: Paul McCartney». Official Chart Company. Henta 18. mai 2018. 
  19. «Wild Life: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 18. mai 2018. 
  20. 20,0 20,1 McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. s. 233. ISBN 978-0-87833-304-2. 
  21. «Album Search: Wings: Wild Life» (på German). Media Control. Henta 18. mai 2018. 
  22. «Canadian album salstrofé – Wings – Wild Life». Music Canada. 
  23. «American album salstrofé – Wings – Wild Life». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH