Ludvig Zwilgmeyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Zwilgmeyer
Fødd26. august 1855
Trondheim
Død21. april 1910 (54 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, prest
FarPeter Gustav Zwilgmeyer
BarnLudvig Daae Zwilgmeyer, Dagfinn Zwilgmeyer
Alle verv

Ludvig Daae Zwilgmeyer (26. august 185521. april 1910) var ein norsk sokneprest og stortingsmann for Høgre frå Trondheim. Peter Gustav Zwilgmeyer var far hans og Dagfinn Zwilgmeyer son hans. Barnebokforfattaren Dikken Zwilgmeyer var syster hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Zwilgmeyer vart cand. theol. i 1877, og vart tilsett som skulestyrar i Flosta året etter. Frå 1879 arbeidde han som kapellan i Dypvåg, stiftskapellan i Kristiansand stift 1883-85. Deretter var han kapellan i Høyland prestegjeld, før han vart sokneprest i Kopervik i 1888. Sidan var han sokneprest i Sauherad frå 1896, i Hisøy frå 1901 og til sist i Barbu frå 1905 til han døydde.

Alle stadene han budde tok han på seg kommunale verv som til dømes forlikskommissær og formann i skulestyret. I mange år var han formann i «Agdesidens kreds av kristelig forening for unge».

Zwilgmeyer vart vald til stortingsrepresentant for Arendal og Grimstad for stortingsperioden 1910-12. Han var medlem av kyrkjekomiteen, men vart permittert allereie 8. april 1910 og døydde i Kristiania kort etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]