Morten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mårten)
Hopp til navigering Hopp til søk

Morten, Mårten, Maarten og Morthen er mannsnamn avleidd av Martin, som har kjelde i det latinske namnet Martinus. Morten er ein dansk stavemåte medan Mårten er svensk.

11. november er namnedag for Morten i Noreg og for Mårten i Sverige.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Namnet viser opphavleg til den romerske krigsguden Mars, men det var som helgennamn det spreidde seg over den kristne verda i ulike variantar. Den heilage Martinius, seinare Martin av Tours, var ein helgen som blei forbunden med gjæser. Mortensmessa den 11. november er ein gammal høgtidsdag som blei feira til minne om han.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet er kjent i Noreg frå 1400-talet. I tida 1955–1970 har Morten vore blant dei mest populære døypenamna i landet.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]