Morten Ørsal Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Ørsal Johansen
Morten Ørsal Johansen ValgCamp2013.jpg
Fødd 11. september 1964

Sunndal

Parti Framstegspartiet

Morten Ørsal Johansen (fødd 11. september 1964 i Sunndal) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har vore valt inn på Stortinget frå Oppland fylke sidan 2009, og var 1. vararepresentant 2001–2009.

Han har fagbrev som maskinarbeidar frå 1983 og 1994, og er Master of Management frå BI Gjøvik frå 2003. I tillegg har han vore fagarbeidar ved Raufoss Ammunisjonsfabrikk 1984–1994, prosesskontrollør 1994–1997 og prosessutviklar innan romfart ved Rfs. Technology 1997–2000.

Johansen har vore medlem av Vestre-Toten kommunestyre 1993–1995, formannskapsmedlem 1995–2003 og 2005–2009, i tillegg til gruppeleiar 1995–2009. 1999–2009 var han gruppeleiar og medlem av Oppland fylkesutval . Formann i Vestre Toten Frp 1992–2000, nestleiar i Oppland FrP 1996–1999, og leiar i Oppland FrP frå 1999. Rådgjevar i FrP 2008–2009.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]