MF «Skutvik» (1969)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal(1969).jpg
MF «Rosendal» ved kai i Austefjorden. Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Skutvik»
Eigar: Vesteraalens Dampskibsselskab
Verft: Kaarbøs mek. Verksted i Harstad
Verftsnummer: 62
Sjøsett: 1969
Teke ut av teneste: 1988
Heimehamn: Stokmarknes
Kjennemerke: LHAX
IMO-nummer: 6925678
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 465 bruttotonnregister, 162 nrt
Lengd: 45,47 m
Breidd: 10,01 m
Djupgang: 3,12 m
Installert effekt : 1200 bhk
Framdrift: 8cyl. 4T DM (Normo, Bergen)
Bilar: 32 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Skutvik II»
Eigar: Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab
Kjøpt: 1988
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Rosendal»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Kjøpt: Juli 1988
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ommåling i 1996
Tonnasje: 831 bruttotonnregister, 431 nrt
Karriere Flag of the Philippines.svg Filippinane/Flag of Honduras (2008 Olympics).svg Honduras
Namn: MF «Michael Joseph I»
Eigar: Jomarias International Corp.
Kjøpt: 1996
Heimehamn: 1996: San Lorenzo i Honduras
2005: Manila
Karriere Flag of the Philippines.svg Filippinane
Namn: MF «Lady of Manoag 2»
Eigar: Jomarias International Corp.
Heimehamn: Manila

MF «Skutvik», seinare MF «Rosendal» og i dag MF «Lady of Manoag 2» er ei bilferje levert frå Kaarbøs mek. Verksted i Harstad i juli 1969 til Vesteraalens Dampskibsselskab i Stokmarknes. Ho gjekk i ruta mellom Skutvik og Svolvær via Skrova. I juli 1987 fekk ferja namnet «Skutvik II» og i januar 1988 vart ferja overteken av Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab i Narvik.

Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) kjøpte ferja i juli 1988 og gav ho namnet «Rosendal».

I september 1996 vart ferja seld utanlands til Jomarias International Corp. på Filippinane. Ho fekk då namnet «Michael Joseph I». I 2006 vart ho omdøypt «Lady of Manoag 2». I 2011 er ferja framleis i fart, men det er ikkje lenger mogeleg å finne IMO i 2014.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]