MS «Midhordland» (1981)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MS Midthordland i Haugesund 1993 Foto Harald Sætre.jpg
MS Midthordland i Haugesund i 1993. Foto Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Midhordland», frå 1982 MS «Midthordland»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Westamarin i Mandal
Verftsnummer: 82
Sjøsett: 1981
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKHF
IMO-nummer: 8101393
Generelle mål
Type: Passasjerbåt
Tonnasje: 220 bruttotonnregister, 144 nrt
Daudvekt: 50
Lengd: 26,57 m
Breidd: 9,01 m
Djupgang: 2,61 m
Installert effekt : 2660 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 4T DM (MTU i Friedrichshafen)
Fart: 25
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: «Delfinen»
Eigar: 1994: Norholmerpilen AB,
1994: Köpenhavnspilen AB
Heimehamn: Malmö
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 188 bruttotonnregister, 68 nrt
Passasjerar: 175 passasjerar
Karriere Flag of Turkey.svg Tyrkia
Namn: «Akgünler II»
Eigar: 2002: Akgünler Isletmeleri Sti. Ltd.
Heimehamn: Mersin

MS «Midhordland», i dag «Akgünler II», er eit motorskip levert frå Westamarin i Mandal i november 1981 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab og gjekk inn i ruta mellom Bergen og Sunnhordland. Alt året etter, i 1982, vart båten omdøypt «Midthordland» etter store protestar på det opphavlege namnet. Frå 1982 til april 1994 gjekk båten i Haugesundsruta, Haugesund - Kopervik - Føresvik - Stavanger.

Båten vart seld i mai 1994 til Nornholmerpilen AB i Malmö i Sverige og omdøypt «Delfinen». Ho gjekk då i ruta København - Rönne. Same året vart båten seld til Köpenhavnspilen AB i Malmö, og vart sett inn i ruta mellom Malmö og København.

5. juni 2002 fekk båten tyrkiske eigarar då han vart seld til Akgünler Isletmeleri Sti. Ltd. i Mersin i Tyrkia. Båten gjekk i ruta Girne - Alanya. Registreringshavna vart endra til ukjend flagg. I 2011 er båten framleis i fart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]