MS «Vøringen» (1995)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vøringen(1995).jpg
M/S «Vøringen» i lokalrute i Austevoll, juni 2002.Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vøringen»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
2006: Tide Sjø
2012: Norled
Verft: Oma Båtbyggeri i Stord
Verftsnummer: 507
Sjøsett: 1995
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHSG
IMO-nummer: 9130406
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 118 bruttotonnregister, 41 nrt
Lengd: 19,80 m
Breidd: 8,30 m
Djupgang: 1,20 m
Installert effekt : 2000 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 30 knop
Passasjerar: 79 passasjerar
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MS «Kostervind»
Eigar: Koster Marin
Kjøpt: April 2014
Heimehamn: Strömstad

MS «Vøringen», i dag MS «Kostervind» er ein snøggbåt levert frå Oma BåtbyggeriStord 24. juni 1995 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Båten vart sett i rute i Hardanger, og nokre år seinare i Austevollsruta. I 2007 vart båten lagt i opplag og gjekk i sommarrute Norheimsund - Herand - Utne - Lofthus - Kinsarvik - Ulvik - Eidfjord. I mars 2010 gjekk båten inn som reserve i sørlege Flaggruten for MS «Tidebris» i ei veke. I desember 2011, og igjen i mars 2012 gjekk båten i rute Hareid-Valderøy-Ålesund. Sommaren 2012 gjekk båten igjen i rute i Hardangerfjorden.

Båten har vore i flåten til HSD, Tide Sjø og Norled fram til april 2014, då han vart selt til Koster Marin i Strömstad i Sverige. Her fekk han namnet «Kostervind» og vart klargjort for nye eigarar hos Oma Slipp på Stord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]