Malkishua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°26′20″N 35°24′48.2″E
Malkishua
rehabiliteringssenter
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°26′20″N 35°24′48.2″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Malkishua

Malkishua (hebraisk מלכישוע) er eit rehabiliteringssenter for narkotika i form av ein landsby nordaust i Israel. Han ligg på fjellet Malkishua i Gilboa i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Han er kalla opp etter Malkishua, songen til kong Saul, som fall her på Gilboafjellet. (1 Samuel 31:2)

Senteret vart grunnlagd av Dei nasjonale styresmaktene for krigen mot narkotika og den den regionale kommunen i 1990. I 1995 vart eit anlegg for behandling av ungdomar bygd ut, og i 2002 vart Kedem grunnlagd som eit senter for religiøs ungdom. Senteret vert i dag driven av «Amutat Neve Malkishua» underlagt Velferdsdepartmentet.

Før senteret vart grunnlagd hadde det lege ein kibbutz, Meirav, på fjellet. Denne vart derimot flytta til den noverande plasseringa på fjellet Avinadav i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]