Sde Eliyahu
| Sde Eliyahu | |||
| kibbutz | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Beit She'an-dalen | ||
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Koordinatar | 32°26′24.71″N 35°30′54″E / 32.4401972°N 35.51500°E | ||
| Folketal | 686 (2015) | ||
| Grunnlagd | 8. mai 1939 | ||
| • Grunnlagd av | Immigrantar frå Tyskland | ||
| Tilhøyrsle | den religiøse Kibbutzrørsla | ||
![]() Sde Eliyahu 32°26′25″N 35°30′54″E / 32.440197222222°N 35.515°E | |||
| Wikimedia Commons: Sde Eliyahu | |||
| Nettstad: www.seliyahu.org.il | |||
Sde Eliyahu (hebraisk שְׂדֵה אֵלִיָּהוּ) er ein religiøs kibbutz nord i Israel. Han ligg 5 km sør for Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sde Eliyahu vart grunnlagd den 8. mai 1939 av tyske emigrantar som ei tårn og palisade-busetjing. Han vart kalla opp etter rabbien Eliyahu Guttmacher frå 1800-talet, ein av dei tidlegaste leiarane for religiøs sionisme, og i lag med Ein HaNatziv, Shluhot og Tirat Zvi dannar dei ei gruppe religiøse kibbutzar i området.
Immigrantar frå mange andre land har sidan slått seg ned i Sde Eliyahu. I 2007 budde det kring 800 innbyggjarar fordelt på 150 familiar.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen produserer dadlar, druer, granateple, krydder og jordavlingar, i tillegg til mjølkekyr og fjørfe. Kibbutzen driv organisk jordbruk.


