Shluhot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°28′18.83″N 35°28′52.32″E
Shluhot
kibbutz
Kibbutz shluhot.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°28′18.83″N 35°28′52.32″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Tidlegare Bnei Akiva-medlemmar
Tilhøyrsle den religiøse Kibbutzrørsla

Shluhot
32°28′19″ N 35°28′52″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.shluhot.org.il

Shluhot (hebraisk שִׁלוּחוֹת, tyder Greiner) er ein ortodoks kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 3 km sør for byen Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shluhot vart grunnlagd i 1948 av tidlegare medlemmar av Bnei Akiva sionistungdomsrørsle. I byrjinga vart det sett opp ein mellombels leir med ei gruppe frå ungdomsrørsla Hashomer Hatzair. Kort tid etter, når kvar gruppe fekk land til å byggje eigne kibbutzim, danna dei sekulære medlemmane ein kibbutz i nærleiken kalla Reshafim. Kibbutzen er ein av fire religiøse kibbutzim i området sør for Beit She'an frå Shluhot til foten av Gilboafjellet med Ein HaNatziv og Sde Eliyahu fram til Tirat Zvi ved Jordanelva.

Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinsk landsbyen Al-Ashrafiyya.[1][2]

I dag har kibbutzen kring 350 innbyggjarar fordelt på 120 familiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalidi, 1992, s. 44
  2. Morris, 2004, s. xx, settlement #2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]