Reshafim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°28′53″N 35°28′38″E
Reshafim
kibbutz
Reshafim aerial view.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°28′53″N 35°28′38″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Reshafim
Nettstad: www.reshafim.org.il

Reshafim (hebraisk רְשָׁפִים) er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg 2 km sør for byen Beit She'an i Beit She'an-dalen og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Kibbutzen har kring 270 medlemmar, 50 innbyggjarar som ikkje er medlemmar og 100 barn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samfunnet vart grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar i 1947 ved Kiryat Haim. I 1948 var landområdet eigd av arabarar i Al-Ashrafiyya sør for Beit She'an. Dei flykta til Jordan då Golanbrigaden nådde fram til området 10.-11. mai under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1] Dei første månadane etter grunnlegginga budde medlemmane i Reshafim kibbutz ei stund i ein leir i lag med medlemmar frå Shluhot kibbutz.

Grunnleggjarane var hovudsakleg overlevande etter Holocaust frå Romania og Polen. Dei fekk med seg ei lita gruppe israelskfødde jødar. I 1950-åra kom ei gruppe argentinske jødar og ei anna gruppe hovudsakleg sefardiske jødar til kibbutzen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, 2004 s.227

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]