Mesilot
| Mesilot | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Beit She'an-dalen | ||
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune | ||
| Koordinatar | 32°29′42.71″N 35°28′27.84″E / 32.4951972°N 35.4744000°E | ||
| Folketal | 431 (2015) | ||
| Grunnlagd | 12. desember 1938 | ||
| • Grunnlagd av | Bulgarske og polske Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Mesilot 32°29′43″N 35°28′28″E / 32.495197222222°N 35.4744°E | |||
| Wikimedia Commons: Mesilot | |||
Mesilot (hebraisk מְסִלּוֹת, מסילות, tyder Spor) er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nær byen Beit She'an i Israel. Han høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune og ligg nedanfor Gilboafjella.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Staden vart opphavleg grunnlagd som ein urban kibbutz i Givat Michael nær Ness Ziona av emigrantar frå Polen (som var medlemmar av «BaMesilah»-gruppa som kibbutzen er kalla opp etter) og Bulgaria (medlemmar av «Bulgaria - Tel Hai-gruppa»), og begge gruppene høyrde til Hashomer Hatzair-rørsla.
Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 22. desember 1938 som ein tårn og palisade-busetjing. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen bombardert av eit irakisk fly. Ein person i kibbutzen mista livet og somme andre vart skadde. Den 16. april 1957 vart to vakter i kibbutzen drepne av palestinske terroristar som kom frå Vestbreidda, som då var ein del av Jordan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mesilot» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


