Manon Lescaut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manon Lescaut
Manon Lescaut

Språkitaliensk
Tilverting1890
Sjangeropera
Utgitt19. hundreåret
Uroppføring1. februar 1893

Manon Lescaut er ein opera i fire akter av Giacomo Puccini til ein italiensk libretto. Soga er basert på romanen L'Histoire du Chevalier des Grieux et de Manon Lescaut av Abbé Prévost.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Librettoen er eit resultat av arbeidet til fem ulike tekstforfattarar: Ruggero Leoncavallo, Marco Praga, Giuseppe Giacosa, Domenico Oliva og Luigi Illica. Utgjevaren, Giulio Ricordi, og komponisten bidrog òg til librettoen. Forfattarskapen blei så forvirra at ingen blei kreditert for han på framsida av originalpartituret.

Puccini tok nokre av dei musikalske elementa i Manon Lescaut frå verk han tidlegare hadde skrive. Til dømes er madrigalen «Sulla vetta tu del monte» frå andre akt basert på «Agnus Dei» frå Messa en quattro voci frå 1880. Andre element i Manon Lescaut kjem frå komposisjonane hans for strykarar: Kvartetten Crisantemi (januar 1890), tre menuettar (truleg 1884)[1] og ein scherzo (1883?). Kjærleikstemaet kjem frå arien Mentia l'avviso (1883).

Puccini sin forleggjar Ricordi hadde vore imot eitkvart prosjekt basert på soga til Prévost fordi Massenett allereie hadde brukt han til ein vellykka opera, Manon, i 1884. Men Puccini og Ricordi kan ha vore ukjende med at den franske komponisten Daniel Auber hadde skrive ein opera om Manon Lescaut i 1856.

Den fyrste oppføringa av Manon Lescaut fann stad på Teatro Regio i Torino i 1893. Manon Lescaut var den tredje operaen til Puccini, og den fyrste store suksessen hans.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Manons kostyme til andre akt blei utforma av Adolf Hohenstein til til urpremieren.
Rolle Stemmetype Originalbesetning, 1. februar 1893
(Dirigent: Alessandro Pome)
Manon Lescaut Sopran Cesira Ferrani
Lescaut, bror hennar, ein sersjant Baryton Achille Moro
Chevalier des Grieux Tenor Giuseppe Cremonini
Geronte de Ravoir, skattemeister Bass Alessandro Polonini
Edmondo, ein student Tenor Roberto Ramini
Krovert Bass Augusto Castagnola
Ein songar Mezzosopran Elvira Ceresoli
Dansemeister Tenor Roberto Ramini
Vektar Tenor Roberto Ramini
Offiser frå dei kongelege bogeskyttarane Bass Ferdin Cattadori
Kaptein Bass
Frisør Stum rolle Augusto Ghinghini
Songarar, jenter, byfolk, studentar, bogeskyttarar, sjømenn

Synopsis[2][endre | endre wikiteksten]

Stader: Amiens, Paris, Le Havre, New Orleans
Tid: Andre halvdel av 1700-talet

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

Det er kveld på eit torg i Amiens, og ein skare av mannlege studerande og ungjenter slentrar glade omkring for å drikker og spela («Ave, serum gentile»). Des Grieux kjem til, men er nedtrykt og sluttar seg ikkje til dei andre studentane (L'amor! L'amor!). Dei gjer narr av han («Tra Voi, belle, brune e bievonde»; «Ma, bravo!»).

Diligencen frå Arras kjem til, og Manon, Lescaut og ein eldre skattemeister, Geronte de Ravoir, stig ut. Ved fyrste augekast blir Des Grieux forelska i Manon («Discendono, vediam»; «Cortese damigella»).

Des Grieux høyrer samtalen deira: Manon er på veg til eit kloster etter på instruks frå faren. Des Grieux nærmar seg henne og ber henne om å møta han seinare, noko ho motvillig aksepterer. Studentane ler og peker på paret. Manon tek avskjed med ein forelska des Grieux («Donna non vidi mai»).

Lescaut vender tilbake med Geronte, som òg er fascinert av Manon, og som meiner det vil vera ei skam å senda henne i kloster. Mens Lescaut spelar kort med studentane, planlegg Geronte å bortføra Manon og ta henne med til Paris («La tua ventura ci rassicura»; «Cavaliere, te la fanno!»). Edmondo høyrer planen og informerer des Grieux om han. Han rår han til å vera med Manon i vogna arrangert av Geronte («Vedete? Io son fedele alla parola mia»). Des Grieux erklærer kjærleiken sin til Manon og overtaler henne til å reisa til Paris saman med han. Dei legg av garde samen. Geronte og Lescaut kjem fram nett som dei dreg av stad, og Lescaut foreslår at dei skal følgja etter og dreg til Paris («Di sedur la sorellina e il momento!»).

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Scenografi til andre akt av Ugo Gheduzzi til urpremieren.

(Puccini har utelate delen av romanen der Manon og Des Grieux bur samen til Des Grieux ikkje har fleire pengar att, og Manon forlet han.)

På eit rom i huset til Geronte i Paris sit Manon, som no er elskerinna hans, med frisøren sin då broren hennar, Lescaut, kjem inn («Dispettosetto questo riccio!»; «Sei splendida e lucente!»). Ho fortel han at Geronte er gammal og vond, og at ho misliker han. Manon er deprimert, og tankane hennar krinsar om Des Grieux («I quelle trine morbide»; «Poiché tu vuoi saper»).

Musikarane til Geronte kjem innfor å underhalda henne («Sulla vetta tu del monte»; «Paga costor»). Geronte bringar ein dansemeister; dei dansar ein menuett, og så syng ho ein gavotte («Vi prego, signorina»; «L'ora, o Tirsi, è vaga e bella»). Etter dansen forlet Geronte og musikarane huset.

Lescaut er lei for at systera ikkje er tilfreds med Geronte, og han går for å finna des Grieux. Des Grieux kjem til Geronte sitt hus («Ah, sarò la più bella!»). Dei gjev igjen uttrykk for kjærleiken deira til kvarandre, men Geronte kjem uventa tilbake. Han helsar dei ironisk og minner Manon om dei mange tenestene han har gjort henne. Ho svarer at ho ikkje kan elska han («Affe, madamigella»).

Han bukkar djupt og forlet dei. Dei elskande blir lukkelege over fridommen («Ah! Ah! Liberi!»). Lescaut kjem inn og oppfordrar dei til å forlata huset med det same, men Manon nøler ved tanken på å forlata smykka og dei vakre kjolane sine. Lescaut kjem inn att og ber dei bryta opp. Manon tek raskt smykkene sine, og dei går mot døra, som er låst etter ordre frå Geronte. Soldatar kjem til for å arrestera Manon, som prøver å flykta og kastar smykka for føtene til Geronte. Ho blir slept vekk, og Des Grieux får ikkje lov å følgja henne («Lescaut! – Tu qui?»).

Etter å forgjeves ha prøvd alt for å få Manon ut av fengselet, dreg Grieux til Le Havre.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

Scenografi til tredje akt av Ugo Gheduzzi til urpremieren.

Det er daggry på eit torg ved hamna i Le Havre. Manon er i fengsel saman med andre kurtisaner («Ansia eterna, crudel»). Lescaut har muta ein fengselsbetjent til å la Grieux tala med Manon. Ved å tala med henne gjennom fengselsvindauget finn dei ut at ho skal utvisast til Louisiana. Ein vektar kjem forbi og sløkker lyset («E Kate ripose all re»; «Manon, disperato è il mio prego»).

Dei prøver å redda henne, men vakta kjem og eskorterer ei gruppe kvinner som skal med same skip som Manon. Ho er blant dei, bleik og deprimert. Folkemenda kjem med brutale merknader under namneoppropet («All'armi! All'armi!»), men har medyng med Manon («Rosetta! – Eh, che aria!»)

Des Grieux er fortvila ved tanken på å skulla bli skilt frå Manon for alltid. Han prøver å gripa Manon, men blir dytta hardt vekk av ein sersjant. Kapteinen på skipet ser det djupe sorga hans («Pazzo son!»), og tillèt han å gå om bord i skipet.

Fjerde akt[3][endre | endre wikiteksten]

Dei elskande er på veg gjennom ørkenen i håp om å finna vern i ein britisk koloni, men uten vatn fell den sjuke Manon utmatta om («Tutta su me ti posa»; «Vedi, son io che piango»; «Sei tu che piangi»).

Des Grieux er uroa over Manon og går for å finna vatn. Medan han er borte, hugsar Manon fortida si og har tankar om den fatale venleiken og lagnaden sin («Sola, perduta, abbandonata»).

Des Grieux kjem tilbake uten vatn. Manon gjev han eit hjerteskjerande farvel og døyr i armane hans. Overmanna av sorg fell Des Grieux bevisstlaus om ved sida hennar («Fra le tir braccia, amore»).

Kostymet til Chevalier des Grieux til andre akt, designa av Adolf Hohenstein til urpremieren.
År Besetning
(Manon Lescaut, Des Grieux, Lescaut)
Dirigent,
operahus og orkester
Plateselskab
1931 Maria Zamboni,
Francesco Merli,
Enrico Molinari
Lorenzo Molajoli,
Orkesteret og koret ved Teatro alla Scala
Audio CD: Arkadia
78014
1953 Clara Petrella,
Vasco Campagnano,
Saturno Meletti
Federico Del Cupolo,
Orkester og kor frå RAI (Torino)
Audio CD: Warner Fonit
8.573 87.474-2
1954 Licia Albanese,
Jussi Björling,
Robert Merrill
Jonel Perlea,
Orkester og kor frå Roma-operaen
Audio CD: RCA Victor
60.573-2-RG
1959 Maria Callas,
Giuseppe di Stefano,
Giulio Fioravanti
Tullio Serafin,
Orkesteret og koret ved Teatro alla Scala
Audio CD: EMI
CDS5 56.301 2 (Mono)
1980 Renata Scotto,
Plácido Domingo,
Pablo Elvira
James Levine,
Metropolitan Operas orkester og kor
DVD: Deutsche Grammophon
00440 073 4241
1984 Kiri Te Kanawa,
Plácido Domingo,
Thomas Allen
Giuseppe Sinopoli,
Orkester og kor ved Royal Opera House
(Opptak av ei oppføring ved Covent Garden, den 17. mai)
DVD: Kultur Video
5046671742
1984 Mirella Freni,
Plácido Domingo,
Renato Bruson
Giuseppe Sinopoli,
Philharmonia Orchestra
Orkester og kor ved Royal Opera House
Audio CD: Deutsche Grammophon
413 893-2 2
1993 Mirella Freni,
Luciano Pavarotti,
Dwayne Croft
James Levine,
Orkester og kor ved Metropolitan Opera
Audio CD: Decca
440 200-2
1998 Maria Guleghina,
José Cura,
Lucio Gallo
Riccardo Muti,
Orkesteret og koret ved Teatro alla Scala
Audio CD: Deutsche Grammophon
463 186-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Weaver, William; Puccini, Simonetta (2000). The Puccini Companion: Essays on Puccini's Life and Music. W. W. Norton & Company. s. 291. ISBN 0393320529. 
  2. Synopsen er er baseret på The Opera Goer's Complete Guide af Leo Melitz (1921).
  3. I Abbé Prévosts roman slår des Grieux og Manon sig ned i New Orleans, hvor han udkæmper en duel med den franske guvernørs nevø, der har vist interesse for Manon. Han tror, at han har dræbt manden, som blot er bevidstløs og flygter med Manon.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anthony Tommasini, The New York Times Essential Library of Opera, Times Books (Henry Holt and Company), 2004
  • Julian Budden, Manon Lescaut, Grove Music Online, 2005