Renata Scotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Renata Scotto
RENATA SCOTTO, SOPRANO.JPG
Fødd24. februar 1934 (87 år)
FødestadSavona
OpphavItalia, USA
Aktiv1952–
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar, operasongar, musikkpedagog, biograf, operaregissør
PrisarEmmy-prisen, International Opera Award, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres

Renata Scotto (fødd 24. februar 1934) er ein italiensk sopran og operaregissør. Som songar har ho spesialisert seg på bel canto-repertoaret, saman med ein del verismo og Verdi.

Sidan ho trekte seg tilbake som songar i 2002 har ho hatt suksess som operaregissør, og undervist i Italia og USA, med akademiske stillingar ved Accademia Nazionale di Santa Cecilia i Roma og Juilliard School i New York. Ho er busett i Armonk i New York med ektemannen Lorenzo Anselmi.

Songarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Renata Scotto blei fødd i Savona. Ho hadde operadebuten sin i heimbyen på julaftan 1952, 18 år gammal for fullt hus som Violetta La traviata av Verdi. Dagen etter hadde ho den «offisielle» operadebuten sin ved Teatro Nuovo i Milano i same rolle. Kort tid etter opptredde ho i sin fyrste Puccini-opera, Madama Butterfly, i Savona. Begge rollene skulle koma til å bli tett knytte til henne.

I 1953 hadde Scotto audition ved La Scala for rolla som Walter i Catalani sin La Wally, med Renata Tebaldi og Mario del Monaco. Etter hennar audition skal ein av dommarane, dirigenten Victor de Sabata, ha sagt, «Gløym resten.» La Wally hadde premiere 7. desember 1953, og Scotto blei kalla tilbake av applaus femten gonger. Tebaldi og Del Monaco blei kalla tilbake sju gonger.

Det store gjennombrotet til Scotto kom i 1957. La Scala hadde framført produksjonen sin av Bellini sin La Sonnambula ved Edinburgh Festival med Maria Meneghini Callas i rolla som Amina. Produksjonen hadde så stor suksess at selskapet la til ein femte opptreden. Callas, som berre hadde kontrakt for fire opptrednar, avslo endå ein opptreden grunna sjukdom, og sa at ho allereie hadde gjort dei tidlegare opptredenane mot rådet til doktoren sin. Scotto var reserve for henne, og spelte rolla som Amina den 3. september 1957. Opptredenen var ein stor suksess, og 23-årige Scotto blei ei internasjonal operastjerne.

Scotto møter Jurij Gagarin og kona hans Valentina i Moskva i 1964.
Renata Scotto i Milano i 1967

I 1961 opptredde ho som Amina igjen ved La Fenice i Venezia, saman med tenoren Alfredo Kraus. Desse to hadde hatt same lærar, Mercedes Llopart, og fekk ei langvarig profesjonell tilknyting.

På 1960-talet blei ho ein av dei viktigaste songarane innan gjenopplivinga av bel canto, som var blitt byrja av Callas på 1950-talet. Ho song Bellini sine Zaira og La straniera, og hadde rollene som Giulietta i I Capuleti e i Montecchi av Bellini, Maria di Rohan av Donizetti, Robert le Diable av Meyerbeer (på italiensk) og andre uvanlege roller frå repertoaret. I 1964 opptredde ho med La Scala ved Bolsjojteateret i Moskva under den fyrste operaturneen frå vesten i Sovjetunionen under den kalde krigen.

Scotto hadde den amerikanske debuten sin i rolla som Mimì i La bohème ved Lyric Opera of Chicago i 1960. Dette året gifta ho seg også med fiolinisten Lorenzo Anselmi. Paret fekk ei dotter og ein son. 13. oktober 1965 debuterte Scotto ved Metropolitan Opera som Cio-Cio-San i Madama Butterfly. Ho kom til å ha over 300 opptredenar i 26 roller her fram til 1987, og slo seg ned med familien i Westchester County i nærleiken.

Saman med Luciano Pavarotti opna ho i 1977 Live from the Met, ein serie fjernsynsoverføringar, i La bohème. I åra som følgde opptredde ho i overføringar av Manon Lescaut, Luisa Miller, Don Carlo, Il trittico, Francesca da Rimini og i rolla som Desdemona med Jon Vickers i Otello av Verdi.

Ho opptredde også regelmessig ved San Francisco Opera, Chicago Lyric Opera, Dallas Opera, Royal Opera i London, Liceo i Barcelona, La Fenice i Venezia og Teatro Colón i Buenos Aires. I tillegg opptredde ho i Madrid, Genova, Firenze, Bologna, Trieste, Palermo, Roma, Berlin, Paris, Miami, Tokyo, Pittsburgh, Osaka og fleire andre stader.

I ein songarkarriere på over 40 år opptredde Scotto i operaer skrivne av 18 komponistar. Repertoaret hennar omfatta rundt 45 roller. Ho er best kjend for opptredenane sine som Violetta i La traviata, Gilda i Rigoletto, Cio-Cio-San i Madama Butterfly, Mimì (og nokre gonger Musetta) i La bohème, Lucia i Lucia di Lammermoor, Adina i L'elisir d'amore, Liù i Turandot, Nedda i Pagliacci, alle dei tre hovudrollene for sopran i Il trittico av Puccini, Adriana Lecouvreur og Francesca i Francesca da Rimini av Zandonai.

Scotto hadde også suksess ved Metropolitan Opera i Le prophète av Meyerbeer, La gioconda av Ponchielli og som Vitellia i La clemenza di Tito av Mozart. Ho gjekk over til tyngre Verdi-repertoar i 1970-åra, og song Elisabetta i Don Carlo, Luisa Miller, Lady Macbeth, Leonora i Il trovatore og Requiem, alle med sjefsdirigenten for Metropolitan, James Levine.

I den siste delen av songkarrieren sin hadde Scotto rollene som Fedora (Barcelona, 1988), Charlotte i Werther av Massenet, die Feldmarschallin i Der Rosenkavalier (Charleston Spoleto Festival, 1995 og Catania), Kundry i Parsifal (Schwerin, 1995), Elle i La voix humaine (Florence, 1993; Amsterdam og Barcelona, 1996; Torino, 1999), Madame Flora i The Medium (Torino, 1999) og Klytemnestra i Elektra (Baltimore, 2000 og Sevilla, 2002).

Seinare konsertopptredenar omfatta Les nuits d'été av Berlioz, lieder av Mahler og Strauss og Erwartung av Schoenberg med Accademia di Santa Cecilia-orkesteret og RAI-orkesteret i Torino.

Som regissør[endre | endre wikiteksten]

Scotto har regissert mellomm anna Madama Butterfly (Metropolitan Opera, Arena di Verona, Florida Grand Opera, Palm Beach Opera); Il pirata (Festival Belliniano, Catania, 1993) og La sonnambula (Catania, 1994) av Bellini; ein emmyprisvinnande fjernsynssend La traviata (New York City Opera, 1995); Norma (Den finske nasjonaloperaen); Adriana Lecouvreur (Santiago, 2002); Lucia di Lammermoor (Thessaloniki, 2004); La Wally (Dallas, Bern); La Bohème (Lyric Opera of Chicago, 2007 og Palm Beach Opera, 2009); Turandot (Aten, 2009); La sonnambula (Miami og Michigan Opera Theatre, 2008) og Un ballo in maschera (Lyric Opera of Chicago, 2010).

I februar 2008 leiar Scotto ein diskusjon for artistar under pausen i ei kringkasting frå Metropolitan Opera av Adriana Lecouvreur. I 2009 leia ho ein annan diskusjon med Natalie Dessay og Juan Diego Florez.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Audio

  • Bellini; I Capuleti e i Montecchi. Claudio Abbado, 1968
  • Bellini, La sonnambula. Cillario, 1972, Covent Garden
  • Bellini, La sonnambula, Santi, La Fenice 1961
  • Bellini, La straniera, Gracis.
  • Bellini; Norma; Levine; Sony 1979
  • Bellini, Norma, Muti, Firenze 1981
  • Bellini, Zaira, Belardinelli
  • Bizet, Carmen (Micaela), Molinari-Pradelli
  • Cilea; Adriana Lecouvreur; Levine; Sony
  • Cilea; Adriana Lecouvreur; Gavazzeni
  • Cherubini; Medea (Glauce), Serafin, EMI 1957
  • Donizetti, Don Pasquale, Franci
  • Donizetti, L'elisir d'amore, Gavazzeni
  • Donizetti. Lucia di Lammermoor, Sanzogno, 1959
  • Donizetti. Lucia di Lammermoor, Gavazzeni
  • Donizetti. Lucia di Lammermoor, Sanzogno
  • Donizetti. Lucia di Lammermoor, Rigacci
  • Donizetti, Maria di Rohan, Gavazzeni
  • Donizetti, Anna Bolena, Dallas, Rudel, 1980
  • Giordano; Andrea Chénier; Levine; RCA 1976
  • Gounod, Philémon et Baucis, Sanzogno
  • Gounod, Faust, Parodi
  • Leoncavallo; Pagliacci. Muti. EMI
  • Mascagni; Cavalleria rusticana; Levine; RCA
  • Meyerbeer, Roberto il diavolo, Sanzogno
  • Meyerbeer, Le prophète, Lewis, CBS
  • Pergolesi, La serva padrona, Fasano
  • Ponchielli, La Gioconda, Bartoletti
  • Puccini: Edgar. Queler. CBS
  • Puccini; La bohème; Votto DG, 1962
  • Puccini; La bohème; Levine, EMI, 1979
  • Puccini; Le Villi; Maazel, CBS
  • Puccini; Il trittico (i Il tabarro & Suor Angelica); Maazel; CBS 1979
  • Puccini; Madama Butterfly; Barbirolli. EMI 1966
  • Puccini; Madama Butterfly; Maazel. Sony 1978
  • Puccini; Madama Butterfly, Adler, San Francisco 1965
  • Puccini, Madama Butterfly, Basile
  • Puccini; Tosca. Levine, EMI, 1980
  • Puccini; Turandot (Liù), Molinari-Pradelli, EMI, 1967
  • Refice; Cecilia, Campori
  • Respighi; Il tramonto, Fulton, Tokyo String Quartet
  • Rossini, Il barbiere di Siviglia, Bellezza
  • Rossini, Petite messe solennelle, Bertola
  • Spontini, La vestale, Picchi
  • Verdi, I Lombardi, Gavazzeni
  • Verdi, I vespri siciliani, Gavazzeni
  • Verdi, I vespri siciliani, Muti
  • Verdi, La traviata, Cillario
  • Verdi; La traviata; Votto DG 1963
  • Verdi; La traviata; Muti. EMI 1980
  • Verdi; Nabucco; Muti ; EMI
  • Verdi; Messa da requiem; Muti; EMI
  • Verdi, Messa da requiem, Abbado, Rome 1977
  • Verdi; Rigoletto; Gavazzeni; RCA
  • Verdi; Rigoletto; Kubelik; RCA
  • Verdi, Rigoletto, Giulini
  • Verdi; Otello; Levine; RCA
  • Verdi, Otello, Muti, Firenze, 1978
  • Verdi; Songs, Washington
  • Wolf-Ferrari; Il segreto di Susanna, Pritchard, CBS 1980
  • The very best of Renata Scotto; Arias y escenas; EMI
  • Italian Opera Arias; Gavazzeni; Sony 1976
  • Aria & Song, Mascagni-Liszt-Scarlatti-Rossini, Ivan Davis
  • French Recital (Berlioz, Offenbach, Massenet, Thomas, Gounod), Rosenkrans
  • Haydn-Donizetti-Faure-Puccini Recital, Arnaltes
  • Christmas with Scotto, Anselmi
  • In Moscow. Recorded Live In 1964 (Melodiya, 2009)

Video

  • Donizetti. L'elisir d'amore. Gavazzeni. Firenze, 1967
  • Donizetti. Lucia di Lammermoor. Bartoletti, Tokyo 1967
  • Gounod. Faust. Ethuin, Tokyo, 1973
  • Puccini. La bohème; Levine (Mimì), Met 1977
  • Puccini. La bohème; Levine (Mussetta), Met 1982
  • Puccini. Manon Lescaut; Levine; Met 1983
  • Verdi. Otello; Levine; Met 1978
  • Verdi. La traviata; Verchi, Tokyo 1973
  • Verdi. Luisa Miller; Levine; Met 1979
  • Zandonai. Francesca da Rimini, Levine; Met 1984
  • Recital in Budapest 1991, Lukacs
  • In Concert and Recital in Montreal 1986, Fulton, Armenian

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Renata Scotto