Sami Khedira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sami Khedira
20180602 FIFA Friendly Match Austria vs. Germany Sami Khedira 850 0707.jpg
Fullt namn Sami Khedira
Fødd 4. april 1987 (32 år)
Stuttgart i Tyskland
Høgd 189 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Real Madrid
Draktnummer 6
Ungdomsklubb
-1995
1995-2004
Tyskland Oeffingen
Tyskland Stuttgart
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-10
2010-
Tyskland Stuttgart
Spania Real Madrid
98 (14)
91 (6)
Landslag**
2007-09
2009-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
15 (5)
46 (4)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 17. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 6. juni 2014.

Sami Khedira (arabisk سامي خضيرة), (fødd 4. april 1987 i Stuttgart i Baden-Württemberg)) er ein tysk fotballspelar, som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division, og det tyske landslaget. Han har tunisisk far og tysk mor. Han var med på å verta seriemeister i Tyskland med Stuttgart i 2007 og i Spania med Real Madrid i 2012. Han vann den europeiske Meisterligaen med Real Madrid i 2014.

Khedira debuterte for det tyske A-landslaget 5. september 2009 i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk ei viktig rolle sentralt på midtbanen, i og med at Michael Ballack måtte stå over turneringa med ein skade. Han spelte i alle Tyskland sine sju kampar, og skåra eitt mål, i bronsefinalen mot Uruguay.