Cacau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cacau
Werkstattreihe gemeinsam für ein starkes Deutschland, Köln-3523.jpg
Fullt namn Claudemir Jerônimo Barretto
Fødd 27. mars 1981
São Paulo i Brasil
Høgd 179 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Stuttgart
Draktnummer 18
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2001
2001-03
2003-
Tyskland Türk Gücu München
Tyskland Nürnberg
Tyskland Stuttgart
31 (7)
44 (8)
177 (62)
Landslag**
2009- Tyskland Tyskland 12 (4)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 13. juli 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 10. juli 2010.

Claudemir Jerônimo Barretto, betre kjend som Cacau (fødd 27. mars 1981 i Mogi das Cruzes i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk-tysk fotballspelar, som spelar for Stuttgart i tysk Bundesliga, og for det tyske landslaget. Cacau vart fødd og voks opp i Brasil, men flytta til Tyskland i 1999, som 18-åring. Han vart tysk statsborgar i februar 2009, og 29. mai 2009 debuterte han for Tyskland sitt landslag i ein bortekamp mot Kina. Han skåra dei to første landslagsmåla sine i ein kamp mot Malta 13. mai 2010. I fotball-VM i 2010 spelte han som innbytar i dei to første gruppekampane, og frå start i den siste gruppekampen og i bronsefinalen. Han skåra eitt mål i Tyskland sin opningskamp, mot Australia. Han var Stuttgart sin toppskårar i Bundesliga i 2009/10-sesongen med 13 seriemål.

Cacau er den første tyske landslagsspelaren som har spelt med eit kallenamn istadenfor etternamnet sitt på landslagsdrakta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]