Meisterligaen 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 2005 - Liverpool i raudt

Meisterligaen 2005 var den 13. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den engelske klubben Liverpool FC vann turneringa den 25. mai 2005 på Atatürk Olimpiyat-stadion i Ankara etter straffesparktevling. Sjølve finalekampen mot italienske AC Milan enda 3-3.

Milan sjokkopna og tok leiinga ved Paolo Maldini før minuttet var gått, og Hernán Crespo la på til 3-0 etter to skåringar i minuttane før pause. I løpet av sju minuttar utlikna Liverpool leiinga ved Steven Gerrard, Vladimír Šmicer og Xabi Alonso, slik at det ved 60 minuuttars spel stod det 3-3. Fleire mål kom ikkje. I straffeskytinga redda Milan-målvakta ei av dei fire Liverpool-straffane, men ettersom berre to av dei fem Milan-eksekutørane fekk ballen i mål, måtte Milan sjå sigeren gleppe.

Det er einaste gongen Liverpool FC har vunne Meisterligaen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Liverpool: Jerzy Dudek, Steve Finnan, Jamie Carragher, Sami Hyypiä, Djimi Traoré, Xabi Alonso, Luis García, Steven Gerrard, John Arne Riise, Harry Kewell og Milan Baroš. Vladimír Šmicer fekk plassen til Kewell allereie midtvegs i 1. omgang. I pausa vart Finnan bytt ut med Dietmar Hamann, medan Djibril Cissé erstatta Baroš i det 85. minutt.

Milan: Dida, Cafu, Jaap Stam, Alessandro Nesta, Paolo Maldini, Andrea Pirlo, Gennaro Gattuso, Clarence Seedorf, Kaká, Andrej Sjevtsjenko og Hernán Crespo. Jon Dahl Tomasson og Serginho kom på bana få minuttar før ordinær tid var ute, ut gjekk Crespo og Seedorf, medan Rui Costa erstatta Gattuso midt i 2. ekstraomgang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]