Gennaro Gattuso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gennaro Gattuso

Gennaro Gattuso 2008.jpg

Statsborgarskap Italia
Fødd 9. januar 1978
Corigliano Calabro
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Gennaro Ivan Gattuso (fødd 9. januar 1978) frå Corigliano Calabro i Cosenza er ein italiensk fotballspelar. Han er særleg kjend frå sine mange sesongar i AC Milan og kampar for Italia sitt landslag. I 2006 var han med å vinne VM-finalen.

Trass avgrensa offensive ferdigheiter, var Gattuso ein viktig spelar både for klubb og landslag. Med sitt klare fokus på defensive oppgåver gjorde han mykje av grovarbeidet for andre Milan-spelarar, slik at laget kunne spele sitt spel.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gattuso debuterte for Perugia i 1995, men lukkast ikkje å spele seg til fast plass. Sommaren 1997 var han Bosman-spelar, og signerte då for skotske Rangers FC, eit uvanleg steg for ein ung fotballspelar frå Italia. I Rangers byrja han utmerke seg, og var med å vinne både seriegull og cupgull for klubben. Etter trenarskifte rauk han ut av fyrsteellevaren. Oktober 1998 gjekk han vidare til Salernitana og serie A. Trass godt spel av Gattuso rykte klubben ned, og dermed gjekk han i august 1999 vidare til Milan.

AC Milan[endre | endre wikiteksten]

Gattuso etablerte seg på midtbana til Milan, allereie den fyrste sesongen. Gattusos hardtarbeidande og oppofrande spelestil på midten gjorde det mogleg for trenaren, Carlo Ancelotti, å trekke Andrea Pirlo lengre ned på midtbana. Samarbeidet mellom dei to viste seg å verte svært fruktbart i sesongen 2002/03. Midtbana og laget fungerte godt, og det enda med siger i Meisterligaen etter at Juventus måtte reise heim frå Old Trafford med tap. Nokre dagar etter Meisterliga-triumfen vann Milan over Roma i finalen i den italienske cupen. Sesongen etter vann Milan seriegullet i Italia.

I 2007 kunne Gattuso føye nok ein tittel til merittlista si då Liverpool vart slått 2-1 i Meisterliga-finalen. Sesongen elles var på det jamne for Gattuso. Siste trofeet med Milan vann han då klubben i 2011 vann nok ein seriemeisterskap.

Gattuso gav seg i Milan våren 2012, etter 13 års teneste. Han spela 335 seriekampar for klubben og 101 europacupkampar, til saman 468 kampar i Milan-trøya. Seksten gongar kom han på skåringslista.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gennaro spela 73 landskampar for Italia i tida mellom 2000 og 2010. Han skåra eitt einaste landslagsmål, matchvinnarmålet då England vart slått med 1-0 i ein vennskapslandskamp hausten 2000. For Italia spela han både i VM 2002, EM 2004 og VM 2006, EM 2008 og VM 2010.

Sommaren 2006 vart det store høgdepunktet for Gattuso. VM i fotball 2006 starta med skade for Gattuso og han stod over Italias første kamp i gruppespelet. Til den andre kampen var Gattuso friskmeld, og han fekk eit innhopp. Frå den siste gruppespelkampen spela Gattuso fast på Italias midtbane, jamsides klubbkamerat Pirlo. Etter kvartfinalen mot Ukraina, der Italia vann 3-0, vart Gattuso kåra til kampens beste spelar. Han gjorde ein god meisterskap, og spela både semifinalen mot Tyskland og i finalen mot Frankrike. Etter ein dramatisk finalekamp enda det med siger for Italia etter straffespark, og dermed kunne Gattuso og lagkameratane juble for den fjerde VM-tittelen til Italia.

Meistertitlar og medaljar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 2006 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen 2003 og 2007 med AC Milan
  • Skotsk seriemeister 1998 med Glasgow Rangers
  • Skotsk cupmeister 1998 med Glasgow Rangers
  • Italiensk seriemeister med AC Milan 2004 og 2011
  • Italiensk cupmeister med AC Milan i 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Gennaro GattusoFIFA sin offisielle nettstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]