Alessandro Nesta
|
Alesaandro Nesta i 2013 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Alessandro Nesta | ||
| Fødd | 19. mars 1976 (50 år) | ||
| Fødestad | Roma i Italia | ||
| Høgd | 187 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Frosinone (trenar) | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1985-1993 | Lazio | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1993-2002 | Lazio | 193 | (1) |
| 2002-2012 | Milan | 224 | (7) |
| 2012-2013 | Montreal Impact | 31 | (0) |
| 2014 | Chennayin | 3 | (0) |
| Totalt | 451 | (8) | |
| Landslag | |||
| 1996-2006 | Italia | 78 | (0) |
| Trenar for | |||
| 2016-2017 | Miami FC | ||
| 2018-2019 | Perugia | ||
| 2019- | Frosinone | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Alessandro Nesta (fødd 19. mars 1976) er ein italiensk fotballspelar frå Roma. Nesta har spela for dei italienske klubbane SS Lazio og AC Milan. I 2006 var han med å vinne verdsmeisterskapen i fotball. Han spela då sin 78. og siste landskamp for Italia. To gongar vann han Meisterligaen med AC Milan og ein gong Cupvinnarcupen med Lazio. Dessutan har han vore med å vinne tre italienske sereiemeisterskap og tre italienske cupmeisterskap. I alle år var Nesta midtstoppar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Nesta debuterte for Lazio i Serie A den 13. mars 1994, i ein kamp mot Udinese. Fram til 2002 spela han 193 kampar og skåra eitt mål for Lazio. Sommaren 2002 gjekk han til AC Milan og spela for den klubben i ti sesongar. Gjennom dei ti åra skåra han sju gongar på 222 kampar.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Nesta debuterte for Italia mot Moldova 5. oktober 1996. Under EM i fotball 2000 var han med då Italia tapte finalen 2-1 for Frankrike, det avgjerande målet kom i ekstraomgangane. I si siste store meisterskapsturnering, VM i fotball 2006, vart han verdsmeister då Italia vann straffeskytinga over Frankrike, etter ein kamp som enda 1-1. Han spela då sin 78. og siste landskamp, utan nokon gong å han skåra eit landslagsmål.
Meistertitlar og medaljar
[endre | endre wikiteksten]- VM-gull 2006 for Italia
- EM-sølv 2000 for Italia
- Vinnar av Meisterligaen 2003 og 2007 med AC Milan
- Vinnar av Cupvinnarcupen 1999 med SS Lazio
- Italiensk seriemeister med SS Lazio 2000 og AC Milan 2004 og 2011
- Vinnar av den italienske fotballcupen med SS Lazio 1998, 2000 og med AC Milan 2003
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alessandro Nesta» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Alessandro Nesta på FIFA sin offisielle nettstad
- Einskildmenn
- Fødde i 1976
- Italienske fotballspelarar
- Lazio-spelarar
- Milan-spelarar
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1996
- Fotballspelarar under sommar-OL 1996
- Spelarar i Fotball-EM 1996
- Spelarar i Fotball-VM 1998
- Spelarar i Fotball-EM 2000
- Spelarar i Fotball-VM 2002
- Spelarar i Fotball-EM 2004
- Spelarar i Fotball-VM 2006