Meisterligaen 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2011 - Barcelona i raudt og blått

Meisterligaen 2011 var den 19. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben FC Barcelona vann turneringa den 28. mai 2011 på Wembley stadion i London med siger 3-1 over engelske Manchester United. 87 695 tilskodarar såg finalekampen.

Pedro Rodríguez sende Barcelona i føringa i det 27. minutt, men sju minuttar seinare utlikna Wayne Rooney. Lionel Messi og David Villa syrgde for siger til Barcelona då dei skåra i høvesvis 54. og 69. minutt.

FC Barcelona sikra seg dermed sin tredje triumf i Meisterligaen på seks sesongar; 2006 til 2011.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Barcelona: Víctor Valdés, Dani Alves, Javier Mascherano, Gerard Piqué, Éric Abidal, Xavi Hernández, Sergio Busquets, Andrés Iniesta, David Villa, Lionel Messi, Pedro Rodríguez. I slutten av andre omgang forlet etter tur Villa, Alves og Rodríguez bana, og vart erstatta av Seydou Keita, Carles Puyol og Ibrahim Afellay.

Manchester United: Edwin van der Sar, Fábio da Silva, Rio Ferdinand, Nemanja Vidić, Patrice Evra, Luis Antonio Valencia, Michael Carrick, Ryan Giggs, Park Ji-sung, Wayne Rooney og Javier Hernández. Nani kom inn i staden for Fábio da Silva i 69. minutt og Paul Scholes for Michael Carrick åtte minuttar seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]