Paul Scholes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Scholes i 2008

Paul Scholes (fødd 16. november 1974) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Salford, som spelte for Manchester United frå 1994 til 2013. På sine 19 sesongar vann han meisterligaen to gongar, ligameisterskapen elleve gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gonar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Scholes debuterte for United med to mål mot Ipswich Town den 24. september 1994. Frå 1997 hadde han fast plass i fyrstellevaren til laget frå Manchester. Han viste seg som ein målfarleg midtbanespelar og skåra heile 107 mål på sine 499 ligakampar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I mai 1997 fekk Scholes sin landslagsdebut for England mot Sør-Afrika. Også her skåra han i debutkampen. Etter 66 landskamper og 14 mål for det engelske landslaget, takka han etter EM i fotball 2004 nei til vidare landslagsspel. Han deltok både i VM 1998 og 2002, samt EM 2000 og 2004, utan større suksess.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Premier League: 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011 og 2013 (11)
  • Vinnar av FA-cupen: 1996, 1999 og 2004 (3)
  • Vinnar av meisterligaen: 1999 og 2008
  • Vinnar av ligacupen: 2009 og 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]