Michael Wessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Wessing
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. august 1952
Recklinghausen
Død

7. mai 2019 (66 år)
Osnabrück

Yrke friidrettsutøvar, spydkastar
Språk tysk
Høgd 182 centimeter

Michael Thomas Maria Wessing (29. august 19527. mai 2019) var ein tysk friidrettsutøvar frå Recklinghausen som tevla i spydkast. Han vart europameister i øvinga i 1978 med eit kast 89,12 m, samt vesttysk meister 1975-80. Wessing var etter tur medlem av idrettslaga Recklinghäuser LC og TV Wattenscheid. Han var 182 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 88 kg. Personleg rekord med den tidlegare spydtypen var på 94,22 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wessing slo seg inn i verdseliten i 1974-sesongen med eit bestekast på 83,28 m. Under EM det året kvalifiserte han seg til finalen med eit kast på 80,56 m, men mislukkast i finalen og nådde ikkje lengre enn 71,68 m. Same sesongen tok han sølvmedaljen under den vesttyske meisterskapen, berre slått av den regjerande olympiameisteren Klaus Wolfermann. Året etter var plasseringane omsnudd for dei to under den vesttyske meisterskapen. No gjekk Wessing til topps i spydkastøvinga, noko han skulle gjere også dei neste fem meisterskapane. Under sommar-OL 1976 vart han nummer ni i spydkast.

I byrjinga av august 1978 vann Wessing ei tevling i Oslo med kjempekastet 94,22 meter, einast 36 centimeter bak verdsrekorden til Miklós Németh. Han var då favoritt til EM-gullet i Praha fire veker seinare. Der innfridde han med 89,12 meter, og vann med mellom 1,3 og 1,5 meters margin til sølv- og bronsemedaljørane, Grebnjev frå Sovjetunionen og Wolfgang Hanisch frå DDR.

Wessing ville ha vore mellom favorittane i spydkast under sommar-OL 1980 i Moskva. Dit kom han ikkje, då Vest-Tyskland valde å boikotte leikane i protest mot Sovjetunionen sin invasjon i Afghanistan. Grunna skadeplager la han opp etter 1980-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]