Michelle Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michelle Carter
Michelle Carter Istanbul 2012.jpg
Fødd 12. oktober 1985
San Jose i California
Michelle Carter på Commons

Michelle Carter (fødd 12. oktober 1985) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå San Jose i California som vart olympisk meister i kulestøyt i 2016 og vann VM-bronsen i øvinga både i 2015 og 2017. Far hennar, Michael Carter, tok sølvmedalje i kulestøyt under Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Michelle Carter sin personlege rekord på 20,63 m presterte ho då ho vann kulestøyt-tevlinga under sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro.

Carter tok steget opp i verdseliten i kulestøyting då ho i 2009 for fyrste gong støytte over 19 meter, 19,13 m, i eit stemne i Stockholm og like etter vart nummer seks i verdsmeisterskapen. Gjennom 2011-sesongen forbetra ho den personlege rekorden, sist til 19,86 m i Eugene. Den 22. juni 2013 passerte ho 20-meteren då kula landa på 20,24 m i Des Moines. Under verdsmeisterskapen i Moskva enda ho på fjerdeplassen med 19,94 m, ein fattig centimeter bak bronsemedaljøren, Gong Lijiao frå Kina. Derimot lukkast ho ta bronsen i den neste verdsmeisterskapen, 2015 i Beijing.

Under dei olympiske sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro låg Carter på andreplass med 19,87 m før siste omgangen av kulefinalen, gullgrossist Valerie Adams leia med sine 20,42 m. Carter avslutta så med sitt livs lengste kulestøyt på heile 20,63 m, ein prestasjon Adams ikkje lukkast overgå då ho som «sistemann» støytte 20,39 m. Carter heldt ikkje same nivå i 2017-sesongen, men vann bronsen ved VM i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]